Sommarvikarar 2026 i Bo og mestring
Midt-Telemark kommune
Skrivarvegen 2B, 3810 Gvarv
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommervikarar 2026
- Type ansettelse
- Feriejobb, deltid 0%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 20
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 2. februar
Har du lyst på ein spennande og meiningsfull sommarjobb i Bo og mestring?
Sommaren kjem, og med den kjem også vårt behov for dyktige og engasjerte ferievikarar i eining Bo og mestring i Midt-Telemark kommune.
Denne perioden er ei tid for glede, solfylte dagar og nye moglegheiter, og vi skal sørge for at det skal bli ei god tid for brukarane også, sjølv om fleire av dei faste skal ha ferie. Vi ser etter søkjarar som er opptatt av kvalitet på tenestene vi leverer, og som har eit genuint ønske om å skape gode og meiningsfulle dagar for både brukarar og kollegaer. Som sommarvikar vil du ikkje berre ha ansvar for viktige oppgåver, men du vil også ha ei unik moglegheit til å utvikle dine ferdigheiter innan helse og mestring. Vi ønskjer å skape eit miljø der alle kan lære av kvarandre, og der erfarne tilsette deler sin kunnskap med nykomne. Det er ei fantastisk sjanse for både personleg og fagleg vekst, og vi oppmodar alle med interesse for miljøarbeid til å søkje.
Ferieperioden strekkjer seg frå veke 26 til 32, og vi ønskjer at våre ferievikarar skal vere tilgjengelege for å gi omsorg og støtte gjennom heile denne perioden. Det er viktig at aktuelle kandidatar er tilgjengelege for opplæring i veke 24, 25, slik at dei kan bli godt førebudde før dei går inn i oppgåvene sine. Opplæringa vil gi deg ei grundig innføring i våre rutinar og retningslinjer, samt viktig informasjon om korleis vi kan skape eit best mogleg miljø for våre bebuarar.
- Solbakken; bofellesskap for mennesker med nedsatt funksjonsevne
- Grauteknapp bofellesskap for mennesker med nedsatt funksjonsevne
- Notevarp; botjeneste og avlastning for mennesker med nedsatt funksjonsevne
- Grivihaugen/Hagestad; bofellesskap for menneske med nedsatt funksjonsevne.
- Ambulant team: oppfølgingstjeneste for mennesker med nedsatt funksjonsevne.
- Hågålia: botjeneste, psykisk helse og rus
For søkjarar til bofellesskapa og ambulant team er det ønskelig med erfaring frå miljøarbeid retta mot vaksne med nedsatt funksjonsevne.For søkjarar til Hågålia er det ønskeleg med erfaring med arbeid innan psykisk helse og rus.
Arbeidstid kan vera både dag, kveld og natt. Langvakter er òg hyppig brukt i tenesta vår.
Aktuelle kandidater blir kontakta fortløpande etter søknadsfrist.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet består i å hjelpa tjenestemottakarar våre med handtera kvardagen sin på best mogleg måte og å gje dei
gode og meiningsfylte dagar.
- Direkte brukaroppfølging i dagligdagse gjeremål, målretta miljøarbeid.
- Turnusarbeid
Kvalifikasjonar
Ønska kompetanse
- Helsefagarbeider, vernepleier, anna helse og sosial
- Ønskelig med relevant erfaring
- Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
Vi søker ansvarlege voksenpersoner med gode haldningar, med ønske om å hjelpa andre.Då vi i tenesta vår av og til må handtera utfordrande åtferd er det viktig med gode kommunikative evnar, tolmod og kunne halda
seg roleg i utfordrandesituasjonar.
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Mona Beate Stokker, Avdelingsleiar Notevarp, 48139236Inger Marie Dahl, Avdelingsleiar Solbakken, 93477382
Ida Marie Vogsland, Avdelingsleiar Grauteknapp, 90936377
Eline Møllerbråten, Avdelingsleiar Hågålia, 41764164
Beate Bjørkås, Avdelingsleiar Grivihaugen/Hagestad og Ambulant team, 97622292
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5061180481
Stillingsprosent: 0%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 02.02.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Beate Bjørkås
Avdelingsleiar Grivihaugen/Hagestad og Ambulant team
97622292
Eline Møllerbråten
Avdelingsleiar Hågålia
41764164
Ida Marie Vogsland
Avdelingsleiar Grauteknapp
90936377
Inger Marie Dahl
Avdelingsleiar Solbakken
93477382
Mona Beate Stokker
Avdelingsleiar Notevarp
48139236
Om bedriften
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cd319f77-ac28-4eaa-87b9-57141480b240
- Sist endret
13. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c32e21949fb4453bb028e24c64dc5d42
Lignende annonser
Sommarvikarar 2026 - Helse og mestring
Arbeidsgiver
Midt-Telemark kommune
Sted
Gvarv
Tilkallingsvikarar
Arbeidsgiver
Bo og mestring
Sted
Gvarv
Ferievikar 2026
Arbeidsgiver
Midt-Telemark kommune
Sted
Gvarv