Ingeniør kommunalteknikk
Næring - kommunalteknikk, Stranda kommune
Øyna 13, 6200 Stranda
Om jobben
- Stillingstittel
- Ingeniør kommunalteknikk - vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 31. januar
Det er ledig vikariat i 100% stilling som ingeniør kommunalteknikk ved eining for næring og teknisk for tidsrommet 01.01.26 - 01.01.27 med moglegheit til forlenging.
Eininga er organisert i ulike fagområde og har om lag 25 medarbeidarar inne og ute.
Stranda kommune er ein nynorskkommune og den som vert tilsett må skrive nynorsk i saksbehandling og i skriftleg kommunikasjon.
Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver knytt til kommunen sitt ansvar innan fagfelta vatn, avløp og kommunale vegar, som planlegging, forvaltning og oppfølging av drift og vedlikehald
- Faglig støtte til dagleg drift av anlegga våre
- Arbeide med HMS, internkontroll og beredskapsplanar innan ansvarsområdet
- Saksbehandling for politiske utval
- Deltaking i tverrfagleg arbeid og prosjekt
- Andre forvaltningsoppgåver knytt til eininga sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- Bachelor i ingeniørfag eller tilsvarande kompetanse innan fagområdet
- Realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning
- Relevant erfaring er ein fordel
- God digital kompetanse
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Førarkort for bil og høve til å nytte eigen bil i teneste
- Erfaring innan anbodsgjennomføring er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Evne og vilje til å arbeide effektivt og sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner
- Serviceinnstilt og flink til å kommunisere
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Snarleg tilsetjing
- Fleksibel arbeidstid
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Kontaktinformasjon
Ove Inge Skylstad, Einingsleiar, +47 46411032Arbeidsstad
Øyna 136200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5054931366
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Ove Inge Skylstad
Einingsleiar
+47 46411032
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ccdf1dff-2587-4994-a6f1-e64f7c5aa53b
- Sist endret
20. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9a85c06e5d8c40f6bd0cc028564f362b
Lignende annonser
Driftsteknikar Fjord kommune
Arbeidsgiver
Fjord kommune
Sted
Stordal, Valldal
Arbeidsgiver
Stranda distrikt, Stranda kommune
Sted
Stranda
Akvatekniker
Arbeidsgiver
Møre Oppdrettsservice As
Sted
Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland, Island, Finnmark