Hopp til innhold

Vi søkjer tre driftsteknikarar/vaktmeistrar som kan hjelpe oss med å halde kommunen i topp stand!

Arbeidsgiver

Fjord kommune

Sted

Moseøyane 94, 6250 Stordal, Valldalsvegen 55, 6210 Valldal

Om jobben

Stillingstittel
Driftsteknikar Fjord kommune
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest i overmorgen

I Fjord kommune på Sunnmøre kjennast livet litt meir ekte, og kvardagen lettare. Her vaknar du til fjordglimt og sterke lokalsamfunn, ungar som spring trygt mellom gode nærmiljø, og ein kvardag der både skule, barnehage, natur og fritid er tett på – og lett å bruke. I Fjord kommune finner du eit rikt kulturliv og næringsliv i utvikling. 

Vi tilbyr ikkje bare ein jobb, men ein stad der livet rett og slett smakar betre. I Fjord er det korte avstandar, mindre stress og rom for å puste – men òg store mulegheiter, gode tenester og eit lokalsamfunn som faktisk ser deg.

Les meir om alt Fjord kommune har å tilby på OPPLEVFJORD.NO

Og for å gjere starten enkel, vi hjelper deg inn på ekte det første året! 

Gratis husleige i 6 månader, hjelp til å finne bustad, gratis abonnement på treningsenter i kommunen, årskort til Arena Overøye og Tafjordbadet for deg og familien. I kommunen vår er det i dag behov for fleire flinke folk til arbeidsoppgåver i Helse og oppvekst sektoren om du har partner som også er på jakt eetter arbeid. Vi har og god kontakt med det private næringslivet i kommunen og kan også formidle kontaktar i så måte.

Her er terskelen låg, og utsikta heilt rå! - bli med heim til Andreas Ødegaard - Folk i Fjord

Er du ein praktikar som likar å fikse ting – og som får energi av å sjå at alt fungerer? Då kan du vere den vi ser etter! Vi har tre ledige stillingar innan drift og vedlikehald av kommunale bygg, vegar og infrastruktur, samt vatn- og avløpsanlegg. Ingen dag er lik – og du får ein jobb med stor variasjon, ansvar og synlege resultat!

To av stillingane vil i hovudsak ha oppgåver knytt til Valldal omegn (bygningsdrift og infrastruktu) og VA stilling er i hovudsak knytt til Stordal omegn. Men heile Fjord kommune vil vere din arbeidsplass.

Har du spørsmål til stillinga eller kommunen, er det bare å ta kontakt med dine potensielle nye arbeidskollegaer.


Dette blir jobben din

Bygg og bygningsdrift
  • Drift og vedlikehald av kommunale bygg og tekniske anlegg
  • Utføre reparasjonar, service og mindre byggearbeid
  • Tilsyn med ventilasjon, varme og andre tekniske installasjonar
  • Oppfølging av HMS og internkontroll
Veg og infrastruktur
  • Vedlikehald av kommunale vegar, gangvegar og uteområde
  • Brøyting, strøing og anna vintervedlikehald
  • Drift og tilsyn av maskiner og utstyr
  • Mindre reparasjonar og oppgraderingar av veg og grøntanlegg
Vatn og avløp (VA)
  • Drift, tilsyn og vedlikehald av vatn- og avløpsanlegg
  • Kontroll og overvaking av pumpestasjonar og leidningsnett
  • Feilsøking og reparasjon ved driftsavvik
  • Dokumentasjon og rapportering i samsvar med regelverk

Alle stillingane inngår i teknisk vaktordning, som inneber heimevakt 5–7 veker per år. For kvar vaktveke får du ein kompensasjon på ca. kr 7 500 i tillegg til ordinær lønn samt tillegg på utrykning. 

Kvalifikasjonar

Vi ser etter ein person som primært har fagbrev innan relevante områder. Dette er fagbrev innafor hånd, bygg, anlegg, veg, VA, rørleggar og maskin.

Førarkort klasse B er sjølvsagt viktig i distrikta og det er sjølvsagt viktig å kjenne til lovverk knytt til bygningsdrift. 

Kven er du?

  • Du har praktisk sans og likar å ta ansvar.
  • Du er strukturert, men fleksibel når kvardagen byr på overraskingar.
  • Du trivst med folk – både kollegaer og brukarar.
  • Har god fysisk form og trivast med variert arbeid

Kva kan vi i Fjord kommune tilby deg?

  • Gode pensjonsordningar i KLP
  • Lønn etter avtale
  • Kommunen legg til rette for fagleg utvikling og etter-/ vidareutdanning
  • Sletting av studielån om ein er bosatt i kommunen
  • Huska du årskort på treningssenter, gratis husleige i 6 mnd....

Dette er ei rolle for deg som vil bety noko – for folk, for teamet ditt, og for ein kommune som faktisk satsar. Her blir du ikkje ein liten del av eit stort system.

Kontaktinformasjon

Freddy Hanssen, Kommunalsjef Teknisk, 97970030
Trond Alstadsæter, Leiar Bygg og kommunalteknikk, 99711252

Arbeidsstad

Valldalsvegen 55
6210 Valldal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord kommune

Referansenr.: 5064808560
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.02.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Trond Alstadsæter

Leiar Bygg og kommunalteknikk

99711252

Freddy Hanssen

Kommunalsjef Teknisk

97970030

Om bedriften

Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7a86fd1b-ca36-434a-8e38-ad6e72d7dc85

Sist endret

16. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

70f14a23c3ab4da08aa4c17cc64451e5

Lignende annonser