Hopp til innhold

HR-rådgivar 

Arbeidsgiver

HR, Helse Fonna HF

Sted

Karmsundgata 51, 5531 Haugesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Rådgivar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Er du ein erfaren HR-rådgivar som trivst når du får jobbe breitt - og der dagane faktisk ikkje er like? Då kan dette vere stillinga for deg.

I Personal- og organisasjonsavdelinga i Helse Fonna ser vi no etter to nye kollegaer som likar å vere tett på leiarstøtte, saksbehandling og utviklingsarbeid. Kvardagen har både rutinearbeid og saker som varierer - du får jobbe med reelle problemstillingar og møte mange ulike fagmiljø. Når du treng nokon å sparra med står døra open hos kollegaene dine, og saman utgjer vi eit godt praksisfellesskap der ein stadig delar og lærer av kvarandre.

Du får ein kvardag med mange oppgåver, og av og til er tempoet høgt. Men tida går fort når du jobbar saman med kjekke kollegaer.

👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du sender inn søknad.

HR hos oss består av omlag 30 engasjerte medarbeidarar, organiserte i fagområda personal og organisasjon, utdanning og kompetanse, HMS og bedriftshelseteneste og bemanningsløysingar/bemanningssenter. Vi leverer eit breitt spekter av HR-tenester til organisasjonen og er både strategisk og operativ støttespelar for leiinga.


Kva går jobben ut på?

  • Strategisk og operativ leiarstøtte.
  • Utviklings- og forbetringsarbeid innan HR-området.
  • Rådgiving og saksbehandling i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
  • Kurs og opplæring innan fagområdet. 
  • Oppfølging og vidareutvikling av rutinar og regelverk.
  • Partssamarbeid. 

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Relevant høgskule-/universitetsutdanning, til dømes innafor HR, administrasjon og jus. Relevant erfaring kan kompensera.
  • Fagleg kunnskap, erfaring med HR og leiarstøtte.
  • God kunnskap og forståing av lov- og avtaleverk innan vårt område.
  • Gode norskkunnskaper både skriftleg og munnleg.
  • God digital kompetanse.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi trur du vil trivst hos oss dersom du:

  • byggjer gode relasjonar i møte med leiarar og medarbeidarar
  • tek ansvar i sakene dine og held framdrift, også når det er mykje å gjere
  • har god rolleforståing og ser heilskapen
  • jobbar godt saman med andre - og trivs med samarbeid på tvers av fagmiljø
  • er fagleg og personleg trygg i rådgivarrolla
  • arbeider grundig og har blikk for detaljar når det trengst
  • har eit engasjement for forbetring og utvikling

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • Jobbe med spennande arbeidsoppgåver.
  • Vere med i eit viktig samfunnsoppdrag som sikrar god pasientbehandling.
  • Kollegaer som deler erfaringar, lærer av kvarandre og har låg terskel for å spørje.
  • Ein fleksibel arbeidstidsordning

Kontaktinformasjon

Anders Aas, Avdelingsleiar, 93254738, anders.aas@helse-fonna.no
Siren Eldøy Hinderaker, HR Direktør, siren.eldoy.hinderaker@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 51
5531 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5069413774
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.02.2026

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ccccf918-b846-477e-acc9-65f06c24ccbb

Sist endret

9. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4d6929f8c5494eddb5fd9fbb2d8c31f8

Lignende annonser

Laster lignende annonser