Hopp til innhold

Vil du jobbe i eit miljø der du gjer ein forskjell, kvar vakt?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Sted

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Helgestillingar
Type ansettelse
Fast, deltid 18%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Faste helgestillingar ved Hellemyra Bufellesskap (18–21 %)

Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune søkjer deg som ønskjer ei meiningsfull helgestilling i eit fagleg sterkt og varmt arbeidsmiljø. Vi har 5 ledige faste stillingar i turnus, kvar 4. helg (langvakter).

Om arbeidsstaden
Hellemyra Bufellesskap ligg i Eikelandsosen og er heim for fem vaksne tenestemottakarar med ulike behov for bistand. Her jobbar vi målretta for å skapa tryggleik, meistring og gode kvardagar – både for bebuarar i bufellesskapet og for heimebuande tenestemottakarar som vi følgjer opp.
Du blir ein del av Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune, som består av 9 bufellesskap og 2 dagsenter, og som er kjend for godt samarbeid og høg fagleg kvalitet. 

Arbeidsoppgåver
Som tilsett på helg vil du vere ein viktig person i kvardagen til tenestemottakarane.
Arbeidet inngår bl.a følgende:

  • Målretta miljøarbeid og oppfølging av individuelle tiltak
  • Å bidra til meistring i daglege gjeremål og sosiale aktivitetar
  • Å jobbe etter prinsippet «Kva er viktig for deg?» – og omsetje det til praksis i møtet med kvar enkelt.

Du vil få god opplæring og støtte undervegs. 

Kven ser vi etter?
Vi ønskjer særleg deg som er student innan helse-, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning, men du kan også søke dersom du:

  • har relevant erfaring
  • er ufaglært, men har stor interesse for å jobbe med menneske og vurderer utdanning på sikt
  • er trygg i møte med andre, og har gode haldningar, etisk forståing og evne til samarbeid

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og på at du har eit ekte engasjement for brukargruppa.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet 

Du må kunne legge fram politiattest.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Vi tilbyr
  • Ei meiningsfull helgestilling der du verkeleg gjer ein forskjell
  • Eit inkluderande og kompetent fagmiljø som vil at du skal lykkast
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande avtalar - studentavlønning for relevant utdanning
  • Moglegheit for vidare jobb og større stilling – vi satsar aktivt på heiltidskultur

 Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.   

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. 
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.  

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ccabf5f2-ff56-41f8-9cd0-85367b2bcd20

Sist endret

20. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3569593_196017_nn

Lignende annonser