Fagleiar
Luster kommune Grandmo miljøteneste
Øyagata 20A, 6868 Gaupne
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. oktober
Luster kommune søkjer engasjert og tydeleg leiar til Grandmo miljøteneste. Har du lyst til å kombinere leiarskap med eit viktig samfunnsoppdrag? Da kan dette vere stillinga for deg.
Grandmo miljøteneste yter tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Tenestemottakarane bur i bustadar knytt til Grandmo, i eigne bustadar – eller i andre kommunale husvære. Grandmo har dei siste åra fått fleire brukarar, og har blitt ei stor eining med om lag 64 årsverk. Tenesta er organisert i to team og ulike tiltak. Me søkjer no fagleiar i 100% stilling til eitt av teama.
Stillinga er eit vikariat, men det er moglegheiter for fast tilsetjing.
Hovudoppgåver- Fagleg oppfølging og fagutvikling
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av dagleg drift
- Samarbeid med brukarar, pårørande, tilsette og andre instansar
- Bidra til gode tenester og godt arbeidsmiljø
- Offentleg godkjent vernepleiar eller anna relevant utdanning på høgskulenivå
- Leiarerfaring er ønskjeleg
- Relevant praksis
- God munnleg og skriftleg kommunikasjon
- Gode digitale ferdigheiter
- Det vert stilt krav om politiattest
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Me ser etter deg som er:
- Samarbeids- og løysingsorientert
- Strukturert og sjølvstendig
- Ansvarsbevisst og tydeleg
- Profesjonell i møte med samarbeidspartnarar og medarbeidarar
- Arbeid i ein veldrive kommune med gode og sikre rammevilkår
- Arbeid i ei eining med eit viktig samfunnsoppdrag
- Varierte, utfordrande og meiningsfulle oppgåver
- Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Gode- og sikre kommunale vilkår med fleksibel arbeidstid
- Løn etter gjeldane tariffavtale
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i Luster kommune er nynorsk
- I følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cc9bf245-7b38-4658-9e1d-5df19cd6cfaa
- Sist endret
16. september 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3661289_219707_nn