Hopp til innhold

Sjukepleiar/Vernepleiar/Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

Luster kommune Hafslo omsorgssenter

Sted

Hafslovegen 122, 6869 Hafslo

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 25. oktober

Vil du bli ein del av det gode laget vårt på Hafslo omsorgssenter?

Hafslo omsorgssenter ligg flott til i naturskjønne omgjevnader, sentralt på Hafslo. Hjå oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du får bruke både fagkunnskap, engasjement og menneskelege eigenskapar.

Ved Hafslo omsorgssenter yter me tenester til personar med demenssjukdom på omsorgsplassar, bebuarar i omsorgsbustadar og heimebuande gjennom heimetenesta. I tillegg har me dagsenter for personar med demenssjukdom.

Me søkjer no etter sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar til eit 100 % vikariat. Hjå oss får du moglegheit til å arbeide på tvers av tenesteområda og bli ein del av eit fagleg sterkt og erfarent team.

 

Hjå oss får du ein variert arbeidskvardag

Me arbeider ut frå prinsippa om personsentrert omsorg og miljøbehandling, og er opptekne av at den enkelte skal oppleve tryggleik, meistring og livskvalitet.

Du vil få høve til å arbeide med ulike brukargrupper og oppgåver innan omsorgsplassar og heimetenesta. Dette gjev ein variert arbeidskvardag, gode moglegheiter til å utvikle kompetansen din og eit breitt innblikk i ulike delar av helse- og omsorgstenesta.

Me er opptekne av å utvikle tenestene våre og legg stor vekt på fagleg utvikling, kompetanseheving og kontinuerleg forbetringsarbeid. 

 

Stillingsinformasjon

  • 80-100% vikariat frå 01.02.27/etter avtale til 23.01.28

  • Stillinga inngår i tredelt turnus med arbeid 3. kvar helg, eller langvakter 4. kvar helg

  • Du vil arbeide på tvers av omsorgsplassar, heimetenesta og dagsenter etter behov

  • Du blir ein del av eit stabilt og fagleg sterkt arbeidsmiljø med mykje erfaring og kompetanse

 

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie- og miljøterapeutiske oppgåver tilpassa kompetansen din

  • Medikamenthandtering, lindrande behandling, sårstell og andre faglege oppgåver

  • Heilskapleg pleie og omsorg til brukarane våre

  • Følgje opp tiltak og behandling i samsvar med den enkelte sine behov og mål

  • Bidra til aktivitet, meistring og livskvalitet

  • Dokumentasjon og journalføring

  • God dialog og samarbeid med brukarar og pårørande

  • Rettleiing og oppfølging av elevar, studentar og nytilsette

  • Bidra aktivt til eit trygt, inkluderande og godt arbeidsmiljø

 

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjend sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar

  • Førarkort klasse B

  • Erfaring eller kompetanse innan demensomsorg er ynskjeleg

  • Du må beherske norsk, både skriftleg og munnleg

 

Me ser etter deg som

  • Er fagleg engasjert og har interesse for eldreomsorg

  • Møter brukarane våre med respekt, varme og profesjonalitet

  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

  • Kan arbeide sjølvstendig, men også trivst godt som ein del av eit team

  • Er fleksibel og løysingsorientert

  • Ynskjer å bidra til utvikling og gode tenester

  • Ser verdien av eit godt arbeidsmiljø og ynskjer å bidra positivt til dette

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

 

Me kan tilby

  • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag

  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse

  • Dyktige og erfarne kollegaer som samarbeider og støttar kvarandre

  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving

  • Moglegheit til å arbeide på tvers av ulike tenesteområde og utvikle brei erfaring

  • Ein arbeidsplass som er oppteken av kvalitet, utvikling og forbetring

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og trygge rammevilkår

  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

 

Me ynskjer oss ein ny kollega som vil vere med på å skape gode dagar for brukarane våre – og som samtidig ynskjer å utvikle seg sjølv fagleg. Kanskje er det nettopp deg me leitar etter?Velkomen som søkjar til Hafslo omsorgssenter! 

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Svanaug Dvergedal Torgersen

+47 48299818

svanaug.dvergedal.torgersen@luster.kommune.no

Om bedriften

Tilbyr - Omsorgsplassar for personar med demenssjukdom - Dagsenter for personar med demenssjukdom - Omsorgsbustader - Tenester til heimebuande

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

049589fe-fde6-4f5f-8573-7fc68400cf10

Sist endret

5. oktober 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3667035_219713_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser