Hopp til innhold

Vil du bruke din fagkompetanse til å gi barn en god start på livet? Vi søker Pedagogisk leiar i 100% fast!

Arbeidsgiver

Sørstrand maritime FUS barnehage as

Sted

Sørstrandveien 18, 6900 Florø

Om jobben

Stillingstittel
Pedagogisk leder
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 2. april

Vi ser etter ein engasjert pedagogisk leiar i 100 % fast stilling til barnehagen vår med oppstart **1.juni 2026,**men vi er fleksible med tanke på seinare oppstart for rett kanidat. Her får du bruke fagkunnskapen din kvar dag, saman med kollegaer som brenn for leik, relasjonar og barn sin nysgjerrigheit.

Hos oss får du vere både fagperson, leiar, medforskar -- og av og til utkledd som superhelt på temadagar. Om oss

Vi er ein privat barnehageaktør innan tidleg barndomsutdanning og omsorg, med høg fagleg standard og varme i veggane. Vi ligger eit steinkast unna Sørstrand, og nyttar oss av nærområdet fleire dager i veka. Vi setter barns leik høgt, og prioriterer leiken i kvardagen. Leiken, saman med vårt maritime fokus, gjer barnehagen vår unik, og det er vi stolt av!

  • Vi jobbar systematisk med pedagogisk utvikling og refleksjon i kvardagen
  • Vi har eit inkluderande, leikbasert og naturorientert læringsmiljø
  • Vi samarbeider på tvers av fagområde og deltek i nasjonale og internasjonale nettverk
  • Vi verdset humor, openheit, respekt og psykologisk tryggleik -- for både små og store

Dine arbeidsoppgåver

Som pedagogisk leiar har du hovudansvar for det pedagogiske arbeidet på avdelinga, i tett samarbeid med det andre personalet.

  • Lede og utvikle det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplan og barnehagen sine mål
  • Skape trygge, varme og inkluderande relasjonar til barn og føresette
  • Planleggje, gjennomføre og evaluere leik, prosjekt og aktivitetar -- gjerne ute i naturen
  • Rettleiing og oppfølging av medarbeidarar på avdelinga
  • Bidra aktivt i faglege møteplassar, nettverk og utviklingsarbeid
  • Sikre godt samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

Vi er oppekne av både formell kompetanse og personleg engasjement.

  • Godkjend barnehagelærarutdanning / førskulelærar (eller tilsvarande godkjend utdanning)
  • Gjerne minst 1--2 års erfaring frå barnehage, men nyutdanna er òg velkomne
  • Fagleg trygg, oppdatert på rammeplan og glad i å bruke teori i praksis
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Evne til å leie, inspirere og skape gode team rundt barna

Kvifor jobbe hos oss?

Her får du meir enn berre ein jobb -- du får ein kvardag full av meistring, læring og latter.

  • Ordna arbeidsforhold med konkurransedyktig lønn og gode pensjonsordningar
  • Systematisk rettleiing, særleg for nyutdanna, og interne kurs og faglege nettverk
  • Tilgang til eit stort nasjonalt fagmiljø og breitt samarbeid på tvers av barnehagar
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og vidare karriere
  • Inkluderande, støttande og raust arbeidsmiljø med rom for både profesjonalitet og autentisitet
  • Eigne arbeidsklede -- så du slepp å ofre dine beste tskjorter til finger-måling og sølekaker

Slik går du vidare

Høyrest dette ut som ein stad der du kunne trivst, utvikla deg og betydd noko for barn sin kvardag? Søknad vert sendt via vårt elektroniske søknadssystem. Vi vurderer søknader fortløpande.

Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av bakgrunn.

Om bedriften

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

cc80f126-c8a5-4fb2-9a04-5ee735e37052

Sist endret

6. mars 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

453711813

Lignende annonser

Pedagogisk leiar, vikariat med muligheit for forlenging/fast tilsetjing

Arbeidsgiver

Torvmyrane skule og barnehage

Sted

Florø