Hopp til innhold

Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

Sengepost Medisin 3 SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeider
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Er du ein engasjert helsefagarbeidar som er klar for nye utfordringar? Vi har ledig stilling til deg på vårt nye topp moderne sjukehus på Hjelset, og vi vil gjerne ha deg med på laget!

Vi har ledig 2 faste 100% stillingar, med oppstart 1.3.26 evt. etter avtale. Du kan gjerne kome med ønske om du ønsker ein anna stillingsprosent som passer for deg. 
Sengepost Medisin 3 har i dag 28 sengeplassar fordelt på dei spennande fagfelta hjerte, infeksjon og geriatri. Vi har fagsjukepleiarar ved alle fagfelta, og fagdag for alle tilsette i turnus. 

Vi er ein god arbeidsplass der vi har eit solid fagmiljø og fokus på best mogeleg pasientbehandling, tryggheit, kvalitet og respekt.

Her er det hyggelege og engasjerte kollegaer som vil ta godt imot deg, og arbeidsgleda hos oss er stor! Vi tek vare på og rettleiar kvarandre.
Vi jobbar saman i team, og vi samarbeidar med fleire faggrupper gjennom dagen. Som helsefagarbeider vil du og avlaste sjukepleiar med ulike oppgåver etter gjennomgått opplæring.

Turnusen er tredelt, med arbeid kvar 3.helg, og du får kome med ønsker om korleis legge vaktfordelinga best til rette for deg. Vi har tibod om langvakter på helg. Med langvakter vil det verte arbeid kvar 4. helg.  Langvakter er frivillig.

Høyrast dette interessant ut, så legg inn ein søknad, og ta gjerne kontakt om det er noko du lurer på.


Arbeidsoppgåver

  • Utføre pleie som inkluderar heilheitleg omsorg
  • Dokumentasjon
  • Delegerte oppgåver frå sjukepleiar
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrar og retningsliner
  • Rettleiing av elever og lærlingar

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som helsefagarbeidar
  • Gjerne erfaring fra fagfelta i vår sengepost
  • Du må meistre norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er ansvarsbevisst og likar varierte utfordringar
  • Du er fleksibel, strukturert, samt fag- og løysningsorientert
  • Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar
  • Du bidreg til vårt gode arbeidsmiljø
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Mette Malme, Seksjonsleder, 93451373, Mette.Malme@helse-mr.no

Arbeidssted

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5061826029
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.01.2026

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

 

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal
 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

cc4ead1c-56c7-4955-af10-8bc58d58f0b5

Sist endret

24. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5cc544e5fecd4999b898c8339c97dbe3

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Sengepost Medisin 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Hjelset