Hopp til innhold

Vikariat helsefagarbeidar i Heimetenesta

Arbeidsgiver

Sveio kommune

Sted

Løkjavegen 35, 5550 Sveio

Om jobben

Stillingstittel
Vikariat helsefagarbeidar i Heimetenesta
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest i dag

Om stillinga

Er du helsefagarbeidar og lurer på om heimetenesta i Sveio kan væra noko for deg?

Blir du motivert av varierte arbeidsoppgåver, spennande kvardagar og trivs du med å utfordre deg sjølv og ofte lære noko nytt?

Då kan du få bli ein del av ei arbeidsgruppe som brenn for å sjå den enkelte pasient. Me søker etter deg som ønsker å bety ein forskjell i andre menneskers liv, og som har høg yrkesstolthet og jobbar etter kvardagsrehabiliteringsprinsipper, men som også er bevisste på å gi mennesker ein verdig slutt på livet.

I tillegg til ein kjempekjekk arbeidskvardag får du dei kuleste kollegaene med det beste humøret på Haugalandet! Vi er kjente for å ha det kjekt på jobb. Kose oss når vi har mulighet, men også å stekke oss langt for å hjelpe hverandre når det trengs.

Vi har ledig vikariat  i 100% frå dags dato tom 15.08.27.


Arbeidsoppgåver

  • Varierte oppgåver og stor variasjon i behandling 
  • Pådrivar for å legge til rette og bidra til at brukerane skal oppleva tryggleik og meistring 
  • Gje heilskapleg omsorg, inkludert personleg hygiene, påkledning, forflytting og trening. 
  • Iverksetje førebyggjande og behandlande tiltak innan eige ansvars- og kompetanseområde. 
  • Planleggje og gjennomføre miljøretta tiltak og aktivitetar for å fremje pasienten si meistringskjensle og livskvalitet. 
  • Bruke elektronisk pasientjournal og dokumentere forhold om pasienten og kva helsehjelp som blir gitt.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
  • Erfaring frå arbeid i heimetenesta er ønskjeleg
  • Tilfredsstillande politiattest, etter gjeldande lovverk
  • Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune
  • Du snakker, leser og skriv så godt at du både kan samarbeide med andre og utføre arbeids oppgåvene dine sjølvstendig

Personlege eigenskapar

  • Har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner 
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team 
  • Lojal, punktlig og pliktoppfyllande 
  • Fokus på kvalitet i tenesta 
  • Du har gode holdningar og verdiar som set pasientane i fokus 
  • Fleksibel og løysningsorientert 
  • Ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og ein god læreplass for elevar og studentar

Vi tilbyr

  • Faste fagdagar og fagmøter
  • Årsturnus over 52 veker med planlagt ferie, høytid og helgearbeid
  • Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø
  • Mulighet for vidareutdanning
  • God offentleg pensjonsordning
  • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Kommunale bilar
  • Bedriftshelsetjeneste
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktpersoner for stillingen

Camilla Selbak

Einingsleiar Pleie- og omsorg

+4795154037

camilla.selbak@sveio.kommune.no

Eiren Børven

Avdelingsleiar Heimetenesta

+4753748258

Eiren.Borven@sveio.kommune.no

Om bedriften

Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.

Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.

Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

cc221e43-fd8e-495e-aec5-13360da7e3f1

Sist endret

23. januar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10278653

Lignende annonser