Hopp til innhold

Lyst på ein meiningsfull sommarjobb?

Arbeidsgiver

Lærdal kommune Pleie og omsorg

Sted

Øyraplassen 7, 6887 Lærdal

Om jobben

Stillingstittel
Sommarvikar i pleie- og omsorgstenesta 2026
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
15
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest lørdag 28. februar

Pleie og omsorg i Lærdal kommune treng ferievikarar til våre avdelingar i pleie- og omsorgstenesta, med moglegheit for tilkallingsvikariat i ettertid. 

Avdelingene våre er:

  • Sjukeheimen
  • Heimesjukepleie
  • Heimehjelp/ vaskeri
  • Institusjons kjøkken
Kvalifikasjonskrav til søkjar:

Stillingar ved sjukeheim/ heimesjukepleien:

  • Ynskjeleg med autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar, hjelpepleiar/helsefagarbeidar.
  • Studentar i dei ovanemnde studieretningane er velkomne til å søkja. Til høgskulestudentar innan helsefagleg utdanning har kommunen rekrutteringstilskot med lønn som fagarbeidar med 0-4 års ansiennitet etter 1.studieår, og fagarbeidar med 8 års ansiennitet etter 2. studieår.
  • Assistentar utan spesielle kvalifikasjonar, men gjerne erfaring frå liknande arbeid, er velkomne til å søkja
  • Førerkort klasse B for heimesjukepleie-/heimehjelpstenesta 

Heimehjelp/Vaskeri:

  • Assistentar utan spesielle kvalifikasjonar, men gjerne erfaring frå liknande arbeid
  • Unge arbeidstakarar fødde 2010 eller eldre vert oppmoda til å søkja
  • Ynskjeleg med førarkort klasse B

Institusjonskjøkken:

  • Ynskjeleg med fagbrev/erfaring frå storhushald eller anna erfaring frå matlaging
  • Gjerne studentar innan matfag
Arbeidsperiode:

Oppstart frå veke 26 til og med veke 33 i 2026

Det er ynskjeleg med åtte veker ferieavløysing, der minimum fem veker er samanhengande arbeid i denne perioden. Søkjarane må oppgje periode det er aktuelt å arbeida. 

Turnusen er tredelt med arbeid kvar tredje helg. Det er ynskjeleg at alle søkjarar arbeider minimum to helgar i perioden. Alle som arbeider hjå oss må levera gyldig politiattest før arbeidet startar. 

Me kan tilby
  • Varierte og spennende arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø blant flotte kollegaer
  • Grundig opplæring
  • Mogelegheit for vidare vikarstilling 

Søkjarane må i søknaden oppgje periode det er aktuelt å arbeide. 

Lønnsvilkår
  • Lønn etter tariff

  • Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Toril Grøthe

    91360633

    toril.torvi@laerdal.kommune.no

    Om bedriften

    I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    cbf332df-fa73-4398-8481-25c0dfbedaac

    Sist endret

    5. februar 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3592581_228185_nn

    Lignende annonser