Trainee hos Highsoft: Webutviklar
Framtidsfylket AS
6893 Vik i Sogn
Om jobben
- Type ansettelse
- Trainee, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest mandag 13. april
Som trainee i Framtidsfylket får du og ein nik overgang frå studieliv til arbeidsliv. I tillegg til fast jobb i eitt år med gode kollegaer, er du del av eit sosialt nettverk av trainear 🧡
Kva går jobben ut på?- Utvikle og vedlikehalde WordPress-nettsider og WooCommerce-butikkar
- Implementere design i frontend (React / Next.js)
- Tilpasse tema og plugins
- Lage enkle integrasjonar mot API-ar og tredjepartstenester
- Feilsøkje og forbetre eksisterande løysingar
- Gradvis ta meir ansvar etter kvart som du blir varm i trøya
Du har ein genuin interesse for webutvikling, enten det kjem frå studiet, kurs eller eigne prosjekt du har jobba med på fritida. Kanskje har du fikla med ei eiga nettside, testa ut nye rammeverk eller prøvd å få ting til å funke litt for seint på kvelden? Då kjenner vi oss igjen.
Du har grunnleggande forståing for HTML, CSS og JavaScript, og er nysgjerrig på korleis ting heng saman i moderne frontend-løysingar. Samstundes er du komfortabel med å ikkje kunne alt frå før. Du likar å lære, stiller spørsmål og tør å prøve og feile – det er slik ein faktisk blir god.
Det er ein fordel om du har:- Kjennskap til WordPress og/eller WooCommerce
- Erfaring med React og Next.js
- Litt erfaring med Git
- Testa LLM-verktøy til koding
- Eigne prosjekt (GitHub, portfolio eller liknande)
- Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Krav til norskkunnskap: B1
Hjå oss får du tett oppfølging og ein mentor som faktisk bryr seg om utviklinga di. Du jobbar med ekte prosjekt frå start, og får moglegheita til å byggje erfaring som er relevant og ikkje berre teori.
Vi har eit fagmiljø som likar å dele, enten det skjer gjennom workshops, korte fagpratar eller spontane diskusjonar over ein kopp kaffi. Det er låg terskel for å spørre om hjelp, og høg takhøgd for nye idear.
Me tilbyr fleksitid, moglegheit for heimekontor, workaway og sjølvsagt konkurransedyktig løn.
Og ikkje minstHjå Highsoft er arbeidskvardagen prega av ein uformell tone og ein kultur der det er rom for å vere seg sjølv. Vi er eit internasjonalt team med røtter i Vik, og kombinerer ambisjonar om å vere best i verda på det vi gjermed ei ganske jordnær tilnærming til arbeidskvardagen. Her kan diskusjonar like gjerne skje på ein gåtur som i eit møterom, og det er ikkje uvanleg å ta ein runde dart eller ein kaffi i Stova når ein treng ein pause. Med fjord og fjell rett utanfor døra ligg alt til rette for å kople av etter jobb, enten du likar toppturar eller berre frisk luft.
Er du med?Send oss CV og fortel kort kvifor du vil jobbe hjå oss og sleng gjerne med noko du har laga (GitHub, kodeprosjekt eller liknande). Vi diggar å sjå kva du får til!
Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.Om bedriften
Akkurat no venter fleire traineestillingar på deg i Vestland.
Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og set spor frå dag éin!
Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hald deg oppdatert.
Kva vil det seie å vere trainee i Framtidsfylket? Her får du svara på ofte stilte spørsmål.
Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter!
Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser.
Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting.
Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt.
Les meir på Framtidsfylket.no
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cb8d9365-8df0-4efb-a086-35a10981e921
- Sist endret
8. april 2026
- Hentet fra
karriere.no
- Referanse
4ab3a7d6-5084-4746-b258-0528a79b5369