Hopp til innhold

Kundekonsulent med IT-glød

Arbeidsgiver

Sognenett

Sted

Dalavegen 25, 6856 Sogndal

Om jobben

Stillingstittel
Er du vår nye kundekonsulent?
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 18. mai

Stad: Sogndal, Vik eller Gaupne Stilling: Fast, 100 % Søknadsfrist: aktuelle kandidater blir kontakta fortløpande, frist 18.05.2026. Først -- dette får du hjå oss

Ein jobb som gir meining. Eit miljø der du kan vere deg sjølv. Ein arbeidskvardag med variasjon, tempo og mykje latter.

Du blir ein del av eit lokalt teknologieventyr i vekst, der du får påverke både kundar og framtida vår. Me jobbar saman, hjelper kvarandre, og heiar på gode idear -- også dei litt sprø.

Her får du:

  • Eit sterkt og varmt fellesskap, med plass til både bokormar, skibomsar, småbarnsforeldre og alle salgs folk, eigentleg.

  • Ein jobb med utviklingsmoglegheiter -- du lærer nytt kvar veke.

  • Gode vilkår og pensjons-/forsikringsavtalar.

  • Kontor midt mellom fjord og fjell -- ja, det er faktisk like fint som det høyrest ut.

Om jobben

Som kundekonsulent hos oss blir du ein del av kundesenteret for både Sognenett og Sognenett IT. Det betyr at du får vere med å hjelpe kundar med alt frå stabilt nett og strøymetenester -- til løysingar og support innan IT.

Du blir den som gjer kvardagen enklare og kjekkare for kundane våre.

Du lyttar, forklarar, finn løysingar og bidreg til å skape wow-opplevingar i alle kanalane me brukar: telefon, e-post, chat -- og av og til ute hjå kundane.Du blir den som gjer kvardagen enklare og kjekkare for kundane våre, anten det handlar om internett, TV, eller IT-løysingar.

I tillegg vil du:

  • Jobbe aktivt med rådgjeving, særleg innan internett, TV, IT og bedriftsløysingar

  • Oppsøke og utvikle nye kunderelasjonar

  • Følgje opp tilbod og vere ein del av heile salsprosessen

  • Bidra til utvikling av Sognenett og Sognenett IT

Kven er du?

Du treng ikkje kunne alt frå før. Det viktigaste er at du:

  • Er glad i folk, og får energi av å hjelpe andre

  • Har nysgjerrigheit for teknologi og IT-løysingar

  • Tenkjer løysing, ikkje problem

  • Er trygg i ein hektisk kvardag -- og trivst med å ha fleire ballar i lufta

  • Har førarkort (klasse B) -- det hender me tek turen ut til kundane

Har du erfaring frå kundesenter, IT, sal eller liknande? Supert! Har du ikkje det, men kjenner at du passar inn?

Me høyrer gjerne frå deg uansett.

Høyrest det ut som noko for deg?

Send oss ein søknad der du fortel litt om kven du er og kvifor du har lyst å bli med på laget vårt. Legg ved CV og vitnemål, men det viktigaste er at me får eit godt inntrykk av deg som person.

Sognenett leverer internett, TV og IT-tenester til heile Sogn -- og er stadig på jakt etter nye måtar å gjere kvardagen enklare og betre for kundane våre. Med 18 tilsette og solid lokal forankring har me store ambisjonar og endå større hjarte. Mantraet vårt?

Meir fart. Meir moro.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om stillinga!

Om bedriften

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

636d0ad2-b65f-440f-ad25-25bbdc07acab

Sist endret

30. april 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

460912936

Lignende annonser

Laster lignende annonser