Hopp til innhold

Er du den som ser moglegheiter der andre ser hinder? 

Arbeidsgiver

Nav, Bergen sentrum - Arbeid med støtte

Sted

Møllendalsveien 8, 5009 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Jobbspesialist i team Tilpasset jobbstøtte og Syktbrajobb
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Nav Bergen sentrum utvidar Arbeid med støtte-teamet og søkjer tre engasjerte jobbspesialistar: éin til pilotprosjektet Tilpassa jobbstøtte og to til Syktbrajobb.

Vi ser etter deg som trur at alle menneske – uavhengig av utfordringar eller helseproblem – kan få og behalde ordinært arbeid med riktig støtte. Du trivst i eit aktivt, oppsøkjande arbeid, byggjer relasjonar lett og handterer endringar og uforutsigbarheit på ein god måte.

I Tilpassa jobbstøtte blir du del av ei ny satsing der målet er å gi tettare oppfølging til personar i målgruppa for varig tilrettelagt arbeid, og bidra til overgangar til ordinære verksemder.
I Syktbrajobb støttar du unge under 35 år med uføretrygd i å finne og behalde jobb.

Som jobbspesialist får du solid fagleg støtte i teamet, frå metoderettleiar og frå fagmiljøet i regionen. Dette er jobben for deg som ønskjer å bruke kompetansen din på noko som verkeleg betyr noko – for enkeltmenneske, arbeidsliv og samfunn.

Stillingane er ledige omgåande.
I søknaden ber vi deg skrive om kva som motiverer deg, og korleis bakgrunnen din er relevant for rolla.


Kva går jobben ut på? 

  • følgje opp og sikre framdrift i eigen portefølje
  • kartleggje erfaringar, ressursar, interesser og jobbønskje hos arbeidssøkjarar
  • byggje og halde ved lag samarbeid med arbeidsgivarar, behandlarar og nav‑rettleiarar
  • oppsøkje og samarbeide aktivt med arbeidsgivarar
  • bistå i søkjeprosessen og gje jobbstøtte på arbeidsplassen
  • dokumentere arbeid i fagsystema
  • jobbe etter Supported Employment (SE)–metodikk, Customized Employment (CE)–metodikk og miljøterapi

Du må vere budd på at prosjektet Tilpassa jobbstøtte er ein pilot der utvikling skjer kontinuerleg, og der oppgåver og mål kan endrast.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla? 

Du må ha
  • utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan pedagogikk, helse- og sosialfag eller vernepleie. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • rettleiingskompetanse og/eller erfaring frå rettleiing, miljøterapi, motivasjonsarbeid eller oppfølgingsarbeid
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det er ein fordel om du har
  • arbeidsmarkedskompetanse
  • inkluderingskompetanse

Kva ser vi etter hos deg

  • evne til å motivere og skape engasjement
  • strukturert, men fleksibel når situasjonen krev det
  • løysingsorientert og initiativrik
  • god på å byggje relasjonar

Kvifor velje oss

  • meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver i engasjerte, tverrfaglege team
  • ein arbeidsplass som vektlegg fagleg utvikling
  • store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • kurs og vidareutdanning innan SE/CE-metodikk
  • fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida
  • stillingskode 1434 rådgjevar i lønsspenn frå kr 630 000 til kr 660 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.  
  • god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse 

Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Unni Andersen, Avdelingsleder Arbeid med støtte region Bergen, 457 74 545, unni.andersen@nav.no

Arbeidssted

Møllendalsveien 8
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5078885647
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Unni Andersen

Avdelingsleder Arbeid med støtte region Bergen

457 74 545

unni.andersen@nav.no

Om bedriften

Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.

Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.

Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c9c8ada8-8636-4213-a9d6-3bc048d92368

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

97c23cbb9211483b8f1b8bc2bd8b7e0a

Lignende annonser

Rettleiar ungdom og unge vaksne

Arbeidsgiver

Nav Bergen sør

Sted

Kokstad