Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. januar
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. For desse stillingane er det krav om Norsk autorisasjon.
Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:
- Hudavdelinga, Hud- og og revmatologisk sengepost
- Nevroklinikken, Nevrologisk akuttpost, Nevrokirurgisk avdeling
- Lungeavdelinga, Post 1
- Bemanningssenteret
- Kirurgisk klinikk, Gastrokirurgisk avdeling - Post 1
- Hjarteklinikken, Post 1s2v, Hjarteintervensjon
Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.
Arbeidsoppgåver
Hud- og revmatologisk sengepost har ledig 1 fast stilling og 3 vikariat i 100% stilling som sjukepleiar frå 02.03.2026.
Hudavdelinga på Haukeland er den einaste sengeavdelinga for hudpasientar på Vestlandet. Revmatologisk avdeling har ansvar for behandling og oppfølging av pasientar med revmatiske sjukdommar i Hordaland. Vi tilbyr pleie, rehabilitering, førebygging og opplæring av pasientar og pårørande. Sengeposten har ansvar for behandling og oppfølging av pasientar både med hud og revmatologiske lidingar. Det er både elektiv verksemd og ØH-hjelp. Sengeposten har 15 sengeplassar i vekedagane, og 10 i helgane. Vikariata går frå 02.03.2026-28.02.2027.Etter endt vikariat vil stillinga vere vidare 100% fast stilling ved Hud- og revmatologisk sengepost eller ved Bemanningssenteret i føretaket.
Arbeidstida er 3-delt turnus, men hovudtyngda av vakter er pt på dag og aftan. Det er i utgangspunktet gjennomsnittleg arbeid kvar 3 helg, men vi har no byrja med langvakter på helg for dei som ønsker dette og då arbeider ein gjennomsnittleg kvar 4 helg med langvakter.
Kontakt: Nina Alsaker Bergsvik, tlf. 55973944/Trude Gildestad tlf. 55974037.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Nevrologisk akuttpost greier ut og behandlar sjukdom i nervesystemet. Vi er ein døgnpost med 30 senger, inkludert overvaking av hjerneslag og epilepsi. Hos oss treff pasientane eit kvalifisert team med tverrfagleg tilnærming. Vi kan tilby deg spennande, utfordrande, interessante og lærerike arbeidsdagar.
Kontakt: Laila Kvalvåg, tlf. 55975041.
Nevrokirugisk avdeling søker sjukepleiar som trivst med eit høgt arbeidstempo, med god fagleg sjukepleie til pasientar i alle aldrar. Vi utgreiar og behandlar vaksne og barn som treng kirurgisk behandling for skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg. Avdelinga har og landsfunksjon for stråleknivbehandling og behandling av vestibularisschwannom. Nevrokirurgisk avdeling har 25 senger inkludert ei overvakingseining på 9 senger.
Vi har eit spennande, utfordrande og triveleg arbeidsmiljø. Vi satsar på fagutvikling og har mellom anna innarbeidd fagutviklingstimar i vår årsturnus. Vi legg stor vekt på kontinuitet i behandlinga av pasientane våre, og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.
Kontakt: Åse Humberset, tlf. 55975662.
Lunge post 1 – eit kraftsenter innan lungemedisin
Lunge post 1 er mellom dei største og mest avanserte lungemedisinske einingane i landet. Vi står i front innan pasientbehandling, utdanning og forsking, og er stolte av å vere ein leiande aktør på nasjonalt nivå. Her kombinerer vi sengepost med respiratorisk overvaking (ROE), og tilbyr høgspesialisert behandling til pasientar med komplekse behov.
Av våre 16 senger er inntil 8 dedikert til pasientar som trenger tettere respiratorisk oppfølging med respiratorisk støtte, som BiPAP eller respirator. Vi tar imot pasientar med alvorleg kols, respirasjonssvikt og lungebetennelse – og gir dei trygg, kompetent og omsorgsfull behandling i eit miljø prega av fagleg styrke og kontinuerleg utvikling.
Kontakt: Lillian Hopland, tlf. 55973552.
Vanskelig å velge avdeling? Bemanningssenteret søker sjukepleiarar som vil jobbe på meir enn ein avdeling. Vi har ledig 100% faste stillingar med arbeid i snitt kvar 3. helg. Vi har årsturnus, og du har stor innverknad på eigen turnus. Her får du verdfull erfaring og ein variert arbeidskvardag.
Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss får du fire fagdagar i året, møtepunkt kvar tredje veke og tett oppfølging av leiar og resten av teamet.
Kontakt: Linda Greve Iversen, Tlf. 55976900.
Gastrokirurgisk avdeling, post 1 er ein spennande gastrokirurgisk sengepost med 40 senger. Vi behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Som sjukepleiar får du utført mange spennande prosedyrar, og blir god på teknisk sjukepleie. Vi har fokus på fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid.
Kontakt: Anette Haatuft Haugland, tlf. 55973408.
Kontakt: Beate Solheim Hansen Tlf 55972202
Hjarteintervensjon, er du sjukepleiar og ønskjer å jobbe med hjarte? På Hjarteintervensjon, HINT, har vi no ledig ein sjukepleiarstilling der ein jobbar både på elektrofysiologisk laboratorium og i poliklinikk. Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med hjartepasientar, og det er ønskjeleg med minimum 2 års klinisk erfaring frå sjukehus.
Kontakt: Vivian Milde Samdal 55976188Du må:
- Ha norsk autorisasjon
- Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa
- Erfaring frå helse- og omsorg er eit pluss, men ikkje eit krav
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
- For nokre avdelingar er det krav om tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr helsepersonelloven § 20a og politiregisterloven § 39 første ledd
- Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
- Gode utviklingsmoglegheiter – både fagleg og personleg
- Lønn etter gjeldande avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilgang til vårt idrettslag – HSI – med mange aktivitetar og eit sosialt fellesskap
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillinganeArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5051483686
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Sjå kontaktperson
oppgitt for dei enkelte stillingane
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c9587213-26ba-4865-8dc0-2ee567c8543c
- Sist endret
18. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f2be056ad7604792ac70df7bc8702165
Lignende annonser
Faste stillingar for helsefagarbeidar
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Sted
Bergen, Bergen
Intensivsjukepleiar/ sjukepleiar
Arbeidsgiver
Kirurgisk klinikk/ Avdeling for plastikk-, hand- og rekonstruktiv kirurgi Nasjonalt brannskadesenter, Helse Bergen HF
Sted
Bergen