Hopp til innhold

Intensivsjukepleiar

Arbeidsgiver

Kirurgisk klinikk/ Avdeling for plastikk-, hand- og rekonstruktiv kirurgi Nasjonalt brannskadesenter, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Intensivsjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
4
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Brannskadeavdelinga ved Kirurgisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus, har ledig faste stillingar. Turnus med arbeid pt. kvar 3. helg med moglegheit for 12,5t. vakter kvar 2, 3 eller kvar 4. helg. Stillingane er ledig frå snarast eller etter nærare avtale.

Avdelinga har ansvaret for den nasjonale behandlingstenesta for avansert brannskadebehandling og behandlar kvart år 150-200 pasientar frå heile landet med alvorlege brannskadar. Vi behandlar både barn og vaksne. Arbeidet er tverrfagleg og vi har eit tett samarbeid med andre yrkesgrupper.

Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).

Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.


Arbeidsoppgåver

  • Brannskadeavdelinga er ein spennande arbeidsplass med mange sjukepleiefaglege utfordringar
  • Sjukepleie til akutt kritisk sjuke intensiv- og overvakingspasientar
  • Arbeid knytt til intensivbehandling, sår og sårbehandling, ernæring, mobilisering og planlegging av rehabilitering etter brannskadar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar og vidareutdanning som intensivsjukepleiar
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Vi ønsker oss medarbeidarar som søker faglege utfordringar, og som likar å arbeide i team, også tverrfagleg team
  • Søkar må ha evne til å takle raske omstillingar, høgt arbeidstempo og vere løysingsorientert
  • Søkar må ha evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver og ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Søkar må ha evne til å jobbe sjølvstendig og bidra/fungere i krevjande situasjonar
  • Du må kunne trivast i eit aktivt og travelt miljø, vere positiv og bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å opparbeide seg ein unik kompetanse då vi har nasjonal funksjon 
  • Spennande arbeidsstad
  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg og godt arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Kurs for nye tilsette
  • Internasjonalt kurs i akutt brannskadebehandling
  • Ulempetillegg
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Liv Hege Furnes Hilt, Avdelingssjukepleiar, 55973560, liv.hege.furnes.hilt@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5055890553
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.02.2026

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b6682ee4-b843-4813-a00d-77dd37b5fc78

Sist endret

1. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1bf1db7ed1b747a5884008c2052c3105

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Kirurgisk klinikk/ Nasjonalt brannskadesenter, Helse Bergen HF

Sted

Bergen