Spesialfysioterapeut/ fysioterapeut
Klinisk fysioterapi og førebygging, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Spesialfysioterapeut/fysioterapeut
- Oppstart
- 1. juni 2026
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 16. april
Seksjonen Klinisk fysioterapi og førebygging har ledig 50% fast stilling og 50% vikariat for fysioterapeut/ spesialfysioterapeut.
- Arbeidsstad: Førde sentralsjukehus
- Oppstart: 01.06.2026
Om stillinga
Vi har behov for å styrke fysioterapiteamet vårt på ortopedisk avdeling med ein dyktig og engasjert fysioterapeut/ spesialfysioterapeut. Arbeidet vil i hovudsak vere retta mot behandling og oppfølging av innlagde pasientar på ortopedisk og kirurgisk avdeling, samt noko undervisning og poliklinisk akvivitet. Stillinga inneber tett samarbeid med andre faggrupper i eit dynamisk og fagleg sterkt miljø.
Om seksjonen
Klinisk fysioterapi og førebygging høyrer til Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering i Medisinsk klinikk. Seksjonen har 23 stillingar, inkludert tre turnusfysioterapeutar. Seksjonen gir tenester til alle somatiske avdelingar ved Førde sentralsjukehus, Nordfjord sjukehus og til Seksjon for læring, meistring, fysikalsk medisin og rehabilitering. Fysioterapeutane arbeidar ut ifrå tilvising frå somatiske avdelingar og poliklinikk.
Seksjonen har ein ung stab med fokus på fagutvikling og nye teknologiske løysingar.
I tillegg til driftsoppgåver og dagleg pasientbehandling, er fleire tilsette i seksjonen aktive i høve til innovasjon, tenesteutvikling og forbetringsarbeid med tanke på å utvikle moderne og framtidsretta tenestetilbod. Døme kan være det digitale verktøyet Pust Deg Bedre og VR for menneske med hjerneslag:
Erfaringar med VR som fysioterapitiltak i rehabilitering av hjerneslagpasientar. Ein intervjustudie (fysioterapeuten.no).
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre kliniske undersøkingar, funksjonsvurderingar og målretta oppfølging av innlagde pasientar på ortopedisk og kirurgisk sengepost, samt på andre avdelingar ved behov.
- Bidra aktivt i tverrfagleg samarbeid med relevante faggrupper for å sikre heilskapleg pasientbehandling.
- Dokumentere og journalføre i tråd med gjeldande rutinar og kvalitetskrav.
- Delta i fagutvikling, internundervisning og kompetansedeling på tvers av avdelingar.
- Samhandle med primærhelsetenesta for å sikre god overgang og oppfølging etter utskriving.
- Delta i helgevakts - og heilagdagsturnus.
- Undervisning.
- Rettleiing av studentar og turnuskandidater.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut.
- Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg.
- Erfaring med arbeid i tverrfaglege team.
- Erfaring fra spesialisthelsetjenesta er ønskeleg.
- Erfaring og kompetanse innan ortopedi.
- Ønskeleg med videreutdanning i ortopedi.
Personlege eigenskapar
- Du er ein engasjert person med gode kommunikasjonsevner.
- Du må kunne strukturere dagen din.
- Du har høg arbeidskapasitet og evne til å arbeide effektivt, både sjølvstendig og som ein viktig del av tverrfaglige team.
- Du er løysingsorientert og ønskjer å vidareutvikle deg som terapeut.
- Du er fleksibel og har fagleg engasjement.
- Du har gode evner til å engasjere og motivere.
- Du tek initiativ og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Ordning med fadder og mentor for nytilsette.
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
- Moglegheit til å være en del av eit sterkt fagmiljø, samt være med å videreutvikle oppgåvedeling og tverrfagleg poliklinikk.
- Moglegheit for trening i arbeidstida.
- Bli en del av eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse på mange ulike fagområde
- Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Mari Bårdvik, Seksjonsleiar, +47 473 78 841Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5093453239
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.06.2026
Søknadsfrist: 16.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Mari Bårdvik
Seksjonsleiar
+47 473 78 841
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c8761fe1-72e2-4e4e-b0e3-fad22ac12721
- Sist endret
27. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e8ef1906b5e3419bb3d8bf172fc9a37d