Assistent/fagarbeidar - vikariat - Eikanger skule
Alver kommune
Fyllingsnesvegen 350, 5913 Eikangervåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Assitent - Barne og ungdomsarbeider - vikariat - Eikanger skule
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. mars
Om stillinga
Ved Eikanger skule har me ledig 40 % vikariat som fagarbeidar/assistent frå og med snarast og ut skuleåret. Stillinga er delt mellom skule og SFO.
Eikanger skule er ein fådelt skule med 67 elevar.
Skulen ligg flott til langs Osterfjorden, ca. 12 minutt frå Knarvik.
Eikanger skule er i år del av DEKOMP og har eit spesielt fokus på språk, lesing og skriving. I tillegg jobbar kommunen med to store prosjekt knytt til læringsmiljø og universell pedagogikk.
Les meir om skulenher
Arbeidsoppgåver
- Støtte elevar med særskilte behov fagleg og sosialt
- Samarbeide med kontaktlærar, faglærar og anna personale
- Bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø
- Hjelpe til med struktur, organisering og gjennomføring av undervisningsøkter
- Rettleie elevar i arbeid med læringsaktivitet
- Planlegge og gjennomføre leik- og fritidsaktivitet
- Delta aktivt i leik og sosial samhandling med elevane
- Bidra til eit trygt og inkluderande miljø i SFO
- Ha tilsyn ute og inne
- Delta i måltid og jobbe for gode rutinar
Kvalifikasjonskrav
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskeleg, eller anna relevant fagbrev/utdanning.
- Det er ønskeleg at du har relevant erfaring med barn i skole, SFO eller barnehage.
- Kompetanse og erfaring med arbeid knytt til barn med spesielle behov er ein fordel.
- Samspel med barn er sentralt i stillinga, og dermed treng ein eit godt norsk talespråk.
- Gyldig politiattest etter opplæringslova må leggast fram.
Vi tilbyr
- Tett samarbeid mellom kollegaer både på skule og i SFO
- Utfordrande og spennande oppgåver
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c7e59dc8-6a1a-4cdb-bfd9-0c0b5b8b10f7
- Sist endret
2. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10284917
Lignende annonser
Ringevikarar - Eikanger skule 25/26
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Eikangervåg
Undervisningsstilling / Lærar - vikariat inntil 100 % - Eikanger skule
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Eikangervåg
Ringevikarar - Alversund skule 25/26
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Alversund