Hopp til innhold

Lærar - 80-100% vikariat - Eikanger skule

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Fyllingsnesvegen 350, 5913 Eikangervåg

Om jobben

Stillingstittel
Undervisningsstilling / Lærar - vikariat inntil 100 % - Eikanger skule
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. mars

Om stillinga

Ved Eikanger skule har me ledig 80-100 % vikariat som lærar frå og med snarast.

Eikanger skule er ein fådelt skule med 67 elevar.
Skulen ligg flott til langs Osterfjorden, ca. 12 minutt frå Knarvik.

Eikanger skule er i år del av DEKOMP og har eit spesielt fokus på språk, lesing og skriving. I tillegg jobbar kommunen med to store prosjekt knytt til læringsmiljø og universell pedagogikk.

Les meir om skulen her


Arbeidsoppgåver

  • arbeide i tråd med kommunen og skulen sine satsingar og retningslinjer
  • planlegge og gjennomføre undervisning i tråd med gjeldande læreplanar
  • systematisk samarbeid med kollegaer og leiing om elevane si læring og utvikling
  • aktiv deltaking i skulen sitt utviklingsarbeid
  • følgje opp elever med vedtak om individuell tilrettelagt opplæring
  • samarbeide med relevante eksterne samarbeidspartnarar
  • skape trygge og gode læringsarenaer der alle elevane er inkluderte
  • oppfølging av elevar for å sikre god fagleg og sosial utvikling, og eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø
  • skule-heim samarbeid
  • kontaktlæraransvar kan verte aktuelt

Kvalifikasjonskrav

  • Godkjent undervisningskompetanse for barnetrinnet etter opplæringslova § 17-3 og § 17-4 
  • Minimum 30 studiepoeng i minst eitt av basisfaga norsk, engelsk eller matematikk
  • God kompetanse i grunnleggjande lese-, skrive- og rekneopplæring
  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
  • Autoritativ klasseleiar som evnar å byggje gode relasjonar til elevar og føresette
  • Gode faglege og didaktiske kunnskapar
  • Erfaring frå undervisning er ønskeleg
  • I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede

Vi tilbyr

  • Tett fagleg samarbeid mellom kollegaer
  • Rettleiing for nyutdanna lærarar dei to første yrkesåra
  • Samarbeid med skulen sitt ressursteam 
  • Moglegheit for kompetanseutvikling, etter - og vidareutdanning
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk

Kontaktperson for stillingen

Eirin Dyngen

rektor

+4797076938

eirin.dyngen@alver.kommune.no

Om bedriften

Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! 

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. 

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. 

Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.  

Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f7de2044-8cbd-43a0-b7ad-edfbc0c4e8f7

Sist endret

24. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10284027

Lignende annonser