Hopp til innhold

100% fast stilling som helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

Åseral kommune

Sted

Bordalsbakken 10, 4540 Åseral

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
100% fast stilling som helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vil du bli ein del av vårt flotte team? Eining for omsorg har ledig ei 100% fast stilling for helsefagarbeider.

Eininga har ansvar for helse- og omsorgstenester til dei som bur eller oppheld seg i kommunen og består av Åseralsheimen og heimetenesta.

Åseralsheimen er eit nytt og flott omsorgsbygg. Her har vi 5 sjukeheimsplassar, 2 plassar på korttidsavdeling, 13 omsorgsbustadar kor 5 av desse er på skjerma avdeling for demente. 

Heimetenesta yt tenester til heimebuande som heimesjukepleie, praktisk bistand, helseteknologi og middagsombringing frå eige kjøkken på Åseralsheimen. 

Det er tett samarbeid mellom Åseralsheimen og heimetenesta.

Stillinga høyrar hovudsakleg til inne på Åseralsheimen, men dette behovet kan bli endra.

For tida er det tredelt turnus med arbeid 3. kvar helg.  


Arbeidsoppgaver

Eininga arbeidar for at både pasientar, brukarar og pårørande skal føle seg godt ivaretekne, og at vi leverarar tenester av høg kvalitet tilpassa den einskilde sitt behov.  

Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester, og tenester som er tilpassa kvar enkelt.

 

Arbeids og ansvarsområde er mellom anna:

  • Utføre helse - og omsorgsoppgåver etter fagleg standard
  • Kjenne til og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar
  • Sørgje for presis, oppdatert og utfyllande dokumentasjon i journalsystemet vårt - Profil
  • Halde seg fagleg oppdatert
  • Følgje eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
  • Samarbeide og dele kompetanse på tvers av avdelingane

Kvalifikasjoner

  • Fagbrev som helsefagarbeidar eller liknande fagbrev
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

 

Søkjar må ha førarkort klasse B

Gyldig politiattest må kunne leggast fram ved tilsetting (ikkje eldre enn 3 månadar)

Personlige egenskaper

  • Gode samarbeidsevner – flink til å skape gode relasjonar og liker å jobbe i team
  • Punktleg og strukturert
  • God kjennskap til bruk av IKT
  • Fleksibel og positiv
  • Glad i utfordringar
  • Evne til å opptre sjølvstendig, tek ansvar og initiativ
  • Interessert i å arbeide med eldre menneske

Personlege eigenskaper vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn etter lov og avtaleverk
  • Gode permisjons- og pensjonsvilkår
  • Støtte til kompetanseheving
  • Variert og meiningsfull arbeidshverdag
  • Godt fag- og arbeidsmiljø
  • Opplæring og rettleiing med mentor
  • Hjelp til å finne bustad
  • Gratis SFO og barnehageplass i kommunen

Sjekk ut korleis det er å bu og jobbe i Åseral: https://xn--flytttilseral-wfb.no/ 

Kontaktinformasjon

Camilla Verdal, Einingsleiar omsorg

Arbeidssted

Bordalsbakken 10
4540 Åseral

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Åseral kommune

Referansenr.: 5028706356
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.11.2025

Om bedriften

Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland. 
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c778283a-de98-4c9f-be82-258954d2b900

Sist endret

8. november 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

163ee8a67501427397262c9a623e7da2

Lignende annonser

Laster lignende annonser