Lærar i Åseral skuleåret 2026/2027
Åseral kommune
Bordalsbakken 10, 4540 Åseral
Om jobben
- Stillingstittel
- Pedagog - Åseral barne- og ungdomsskule
- Oppstart
- 1. august 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 18. mars
Er du modig, endringsdyktig og raus? Då håper me du les vidare og vurderar å bli med på laget vårt.
Åseral barne- og ungdomsskule søkjer etter engasjerte lærarar som brenn for meistring, inkludering og eit godt læringsmiljø. Me er ein skule med omlag 115 elevar som ligg vakkert til i Kyrkjebygda i sentrum av Åseral, med idrettsanlegg og naturen som vår utvida læringsarena.
Om stillingane
Frå 1. august 2026 reknar me med å få ledige vikariat som lærarar. Stillingsstorleik og lengde på vikarperiodane kan variere noko ut frå det endelege behovet for skuleåret, men me ønskjer å kome i kontakt med dyktige pedagogar allereie no.
Me søkjer spesielt deg som har ein brei fagleg bakgrunn som kan dekkje ulike behov på både barne- og ungdomstrinnet. Ulike fagkombinasjonar er aktuelt inkludert kompetanse innan spesialpedagogikk.
Arbeidsoppgaver
- Planleggja, gjennomføra og følgja opp undervisning i tråd med læreplanen.
- Kontaktlæraroppgåver kan påreknast.
- Delta aktivt og vera ein pådrivar i skulen sitt utviklingsarbeid.
- Ta ansvar for eit godt og nært samarbeid mellom skule og heim.
- Bruka varierte arbeidsmetodar og læringsarenaer for å fremja motivasjon og fagleg nysgjerrigheit.
Kvalifikasjoner
- Krav om godkjent lærerutdanning og undervisningskompetanse jf. opplæringslova kapittel 17.
- Ulike fagkombinasjonar er aktuelt inkludert kompetanse innan spesialpedagogikk.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Søkjarar må kunne legge fram godkjent politiattest.
Personlige egenskaper
- Du er engasjert: Du har stor fagleg kompetanse og stort engasjement.
- Du er tydeleg: Du er ein tydeleg vaksen som er forutsigbar og set tydelege grenser.
- Du er modig: Du tør å prøve nye metodar, utfordre det etablerte og stå støtt i krevjande situasjonar.
- Du er endringsdyktig: Du har god endringskompetanse, er fleksibel og ser moglegheiter når planane må endrast.
- Du er raus: Du har eit positivt elevsyn, er ein god lagspelar for kollegaene dine og bidreg til eit varmt arbeidsmiljø.
- Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt
Mi tilbyr
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldene lover og tariffer
- Kontaktlærartillegg på kr. 47.000,-.
- Lokalt lønnstillegg for pedagogar på kr. 7.000,-.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige tilsette
- Rettleiing for nyutdanna
- Me kan hjelpe til å finne bustad
- Barnehageplass
- Gratis SFO
https://xn--flytttilseral-wfb.no/
Kontaktinformasjon
Jo Tore Berg, Rektor/Eininsleiar Åseral barne- og ungdomsskule, 97768787, Jo.Tore.Berg@aseral.kommune.noArbeidssted
Bordalsbakken 104540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommuneReferansenr.: 5089875583
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 18.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e141ee7d-3253-43a1-9cb0-75fea575520d
- Sist endret
5. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
109a9c87ce5a4f8a93d1748a5581bc27