Hopp til innhold

Logoped 

Arbeidsgiver

Stad kommune

Sted

Fossevegen 2, 6770 Nordfjordeid

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Logoped
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Ønskjer du deg ein spennande, interessant og viktig jobb? Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som logoped frå 01.08.2026.

Stillinga er ein del av det pedagogiske ressursteamet, med tenestestad i barnehagane i Stad kommune. Ved endra tenestebehov kan arbeidsoppgåver i grunnskulane bli aktuelle. 

Stad kommune har til saman seks kommunale barnehagar. Desse er av ulik storleik og ligg geografisk spreidde i kommunen.


Du finn meir informasjon om dei kommunale barnehagane i Stad her.

Styrar ved Gjerdane barnehage er næraste leiar.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre dagleg oppfølging og opplæring av barn med særskilde behov
  • Arbeide systematisk og målretta med pedagogisk utviklingsarbeid
  • Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
  • Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad i logopedi, gjerne i kombinasjon med barnehagelærarutdanning
  • Formell kompetanse eller realkompetanse innan alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) er ønskjeleg
  • Førarkort klasse B, og disponering av bil
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. I Stad kommune nyttar vi nynorsk som målform og kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon.

Søkjarar med anna spesialpedagogisk utdanning kan bli vurdert for mellombels tilsetjing som pedagog dersom vi ikkje får rekruttert kvalifisert logoped.
Arbeidsgjevar kan leggje til rette for utdanning som logoped.

Personlege eigenskapar

  • Du tek initiativ, har gode samarbeidsevner og kan jobbe sjølvstendig
  • Du kan syne til stabilitet og kontinuitet over tid
  • Du har evne til å sjå det enkelte barnet
  • Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
  • Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn

Vi tilbyr

  • Ein spennande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar 
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referansar.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med styrar i Gjerdane barnehage: Tove Hanebrekke Starheimsvik.

Kontaktinformasjon

Tove Hanebrekke Starheimsvik, styrar Gjerdane barnehage, 95 21 58 29, tove.hanebrekke.starheimsvik@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Fossevegen 2
6770 NORDFJORDEID

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5069833734
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.02.2026

Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

https://www.nordfjord.no/stad

https://www.einstadistad.no/

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c72b9fd3-ea67-4cd6-a154-50da6fd4625f

Sist endret

26. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

9d6f5b752511425782fcff3ff94dc0f7

Lignende annonser

Laster lignende annonser