Barnehagelærar 100 % Rabbevågen barnehage
Barnehagar Ålesund midtre
Vegsundvegen 62, 6020 Ålesund
Om jobben
- Oppstart
- 1. august 2026
- Stillingstittel
- Barnehagelærarar Rabbevågen barnehage
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. juni
Det er behov for 2 midlertidige stillingar som barnehagelærar ved Rabbevågen barnehage.
- 1 vikariat i perioden 1.oktober - 31.juli
- 1 vikariat i perioden 1.august - 31. juli
Arbeidsoppgåver
Barnehagelærar har medansvar for å iverksette og leie det pedagogiske arbeidet på si avdeling i tråd med aktuelt lovverk.Barnehagelærar har medansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa, og innanfor dei områda ein blir satt til.
Kvalifikasjonar
- For stilling som barnehagelærar og pedagogisk leiar er det krav om utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
- God IT-kunnskap og forståing.
- Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
- På grunn av personalgruppas samansetning oppfordrast menn til å søke .
- Ved tilsetting må det leggast fram politiattest av ny dato.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. For å bli fast eller midlertidig tilsett som barnehagelærar, må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar kunne dokumentere sine norskferdigheiter (jf. barnehageloven § 28). Søkjar skal legge resultat av språktest saman med søknad og CV.
Personlege eigenskapar
Vi søker etter ein open, engasjert og modig pedagog som kan vere med å vidareutvikle Rabbevågen barnehage som ein lærande organisasjon.
- har solid kunnskap om barns utvikling og behov
- er opptatt av barns rett til medverknad og involvering
- evner å bidra positivt i ein levande og lærande organisasjon
- har gode samarbeidsevne og kommunikasjonsferdigheter og er ein lagspelar
- trivast i ein aktiv kvardag med barn, og takle stress og høgt arbeidspress i periodar
- er tydeleg, klok og omsorgsfull i relasjon til andre
- er positiv, initiativrik, engasjert, fleksibel og løysingsorientert
- vere open for å jobbe både på småbarn og storbarnsavdeling
- kan arbeide sjølvstendig med pedagogisk arbeid og planverk i tråd med Lov om barnehager
- evner å bidra til eit godt foreldresamarbeid
- personlege egenskapar vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Eit utviklande, allsidig og lærande miljø i ein barnehage nært naturen.
- Barnehagen deltek i eit pedagogisk utviklingsarbeid ilag med andre kommunale og private barnehagar i Ålesund kommune.
- God pensjonsordning og løn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Marthe Lundemo, Verksemdsleiar, 415 18 135, marthe.lundemo@alesund.kommune.noArbeidssted
Vegsundvegen 626020 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Ålesund kommuneReferansenr.: 5136317299
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 14.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim med ca. 60 000 innbyggere
Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter.
Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.
Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra.
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c629916e-09e5-4d6a-bde9-baab1da5b416
- Sist endret
29. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
101e7bebf6394250954057a50332a691