Hopp til innhold

Er du vår nye sjukepleiar/ vernepleiar?

Arbeidsgiver

Sikkerhetspost Valen sjukehus

Sted

Sjukehusvegen 26, 5451 Valen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar
Oppstart
1. desember 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vil du jobbe saman med denne flotte gjengen på Sikkerhetsposten?

På Sikkerhetsposten ved Valen sjukehus får du moglegheita til å jobbe i eit engasjert og tverrfagleg miljø der tryggleik, omsorg og behandling står i fokus. Her får du spennande utfordringar, fagleg utvikling og eit støttande arbeidsmiljø – med blant anna fleksible arbeidsplaner, sikkerheitstillegg og tilgang til trimrom på sjukehuset.

Vi søkjer ein vernepleiar/sjukepleiar som er motivert for å bidra til auka meistring og livskvalitet for pasientane våre, samtidig som du blir ein del av eit team som vil at du skal lykkast! 

Sentrale oppgåver på avdelinga er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gje omsorg og behandling. Kvar pasient har eit tverrfagleg team, kor miljøpersonal, psykiater/psykolog, aktivitør og sosionom samarbeider om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. 

Pasientane våre kan vere innlagt over lang tid, medan andre har kortare opphald. Deira ressursar og sårbare sider er det uansett god tid til å bli kjend med.

Blei du nysgjerrig på korleis det er å jobbe hos oss? Klikk her og sjå filmen om oss: https://www.youtube.com/watch?v=vbD5255slcE

På grunn av utfordrande og krevjande situasjonar som kan oppstå med pasientgruppa, legg vi vekt på evne til å handtere slike situasjonar. 

👉 Søk no og bli med på laget vårt!

Kva går jobben ut på?

  • Sjukepleie og behandling tilpassa pasientens individuelle behov
  • Observasjon og dokumentasjon av pasientforløp
  • Overvåking og implementering av sikkerhetstiltak for pasient- og personaltryggleik
  • Tverrfagleg samarbeid med helsepersonell som legar, psykologar og sjukepleiarar
  • Kunnskap om psykiske lidingar og relevant lovverk
  • Handtering av utfordrande åtferd
  • Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å fremje endring
  • Utforming av kort- og langsiktige behandlingsplanar

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri
  • Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og rus er ønskeleg
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Kva ser vi etter hos deg

Vi ser etter deg som

  • har god evne til å handtere utfordrande og krevande situasjonar som kan oppstå med pasientgruppa. Vi legg vekt på din evne til å handtere slike situasjonar.
  • er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
  • er tilpasningsdyktig og taklar stressande sitasjonar med ro og fagleg haldning
  • trivst i eit aktivt og travelt miljø
  • er ein god teamarbeider og likar å jobbe tverrfagleg
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • etterspør rettleiing
  • er lojal i forhold til avgjerdsler

For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søkje.

Kvifor skal du velje oss?

  • Eit profesjonelt og støttande arbeidsmiljø
  • Vi legg til rette for kompetanseheving og utvikling gjennom rettleiing og opplæring
  • Moglegheit for langvakter kvar 4. helg eller normalvakter kvar 3. helg
  • Du får sikkerheitstillegg på kr 7300 per år – som aukar med kr 3400 etter to år
  • Vi tilbyr bedriftsavtale med treningssenter og tilgang til trimrom på sjukehuset
  • Vi kan vere behjelpelege med midlertidig bustad, dersom du treng det

Kontaktinformasjon

Liv Rose Olderkjær Larsen, Funksjonsleiar, +47 53466483

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26
5451 VALEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5035208748
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2025
Søknadsfrist: 16.11.2025

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c5ebc2b1-d81b-4ac1-a519-ed78e2ea44dc

Sist endret

17. november 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

1f98e4d39a534abb904396df78c9b95d

Lignende annonser