Hopp til innhold

Helsefagarbeider natt

Arbeidsgiver

Psykosepost Valen sjukehus

Sted

Sjukehusvegen 26, 5451 Valen

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeider natt
Oppstart
4. mai 2026
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. mars

Vil du vere med og gi omsorg og behandling til pasientar med psykoseproblematikk?

Psykoseposten ved Valen sjukehus er ein viktig del av Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna, der vi tilbyr spesialisert behandling i trygge og omsorgsfulle omgjevnader. Med plass til opptil 9 pasientar, legg vi stor vekt på kvalitet og individuell tilpassing av behandlinga.

Hos oss tek vi imot planlagde innleggingar basert på søknad, og vi jobbar målretta for å støtte pasientane på vegen mot eit betre liv.

Er du klar til å bli ein del av vårt dedikerte team og gjere ein forskjell?

Vi ser fram til å høyre frå deg!


Kva går jobben ut på?

  • Natt-teneste på døgnpost.
  • Gi pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar einskild pasient.
  • Vere med i beredskap på natt og bistå andre postar ved behov.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
  • Det er ønskjeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Kva ser vi etter hos deg

Hos oss er det viktig at du er:

  • god på samarbeid og kommunikasjon
  • initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
  • tilpasningsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg holdning
  • ein som trivest i eit aktivt og travelt miljø
  • ein god teamarbeider
  • ein som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • er god på å etterspør rettleiing 
  • lojal i forhold til avgjerdsler

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø.
  • Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing.

Kontaktinformasjon

Britt Mari Ludvigsen, Funksjonsleder Pleie, +47 53466473

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26
5451 VALEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5088205816
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 04.05.2026
Sluttdato: 14.02.2027
Søknadsfrist: 22.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Britt Mari Ludvigsen

Funksjonsleder Pleie

+47 53466473

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0b67a282-dc37-4834-b090-3c4a9b2c3e57

Sist endret

2. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7452f6608d004272aa567ee5ab77e1aa

Lignende annonser