Hopp til innhold

Sommarvikarar til Sjukehusapoteket i Førde

Arbeidsgiver

SIF Sjukehusapoteket i Førde, Sjukehusapoteka Vest

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sommarvikarar til Sjukehusapoteket i Førde
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Kan du tenkje deg ein sommar med verdifull erfaring, lønn og sjansen til å bli kjent med farmasien på ein litt annleis måte?  

Er du farmasistudent, apotekteknikarelev eller har annan relevant bakgrunn, har du no mogelegheit til å anvende kunnskapen din i praksis, samtidig som du utviklar dine ferdigheiter saman med erfarne kollegaer i eit  stimulerande fagmiljø. 

Kven er vi? 
I Sjukehusapoteka Vest (SAV) jobbar det totalt vel 350 medarbeidarar, fordelt på seks sjukehusapotek og ein sentraladministrasjon i Bergen. Alle saman bidrar til at pasientar over heile Vestlandet kvar dag får legemidla dei treng på ein trygg og riktig måte.  

Her på sjukehusapoteket i Førde er vi cirka 30 medarbeidarar. Vi er ein fin miks av apotekteknikarar, farmasøytar og anna helsepersonell, fordelt på fire ulike avdelingar som arbeider godt og tett saman.  
I sommar har vil ledige stillingar for sommarvikarar i sjukehusekspedisjonen og publikumsavdelinga. I sjukehusekspedisjon sørger vi for at alle avdelingane på sjukehusa i Helse Førde får legemidla dei treng, i publikumsutsalet gir vi råd og vegleiing om legemiddelbruk, og besøkande kan kjøpe legemiddel på eller utan resept.

Når i sommar?
Vi ser etter deg som kan arbeide hos oss i perioden 22. juni til 16. august.  Du må gjerne jobbe heile denne perioden, iallfall minst fem-seks veker. Fire av vekene må også vere samanhengande. Difor er det kjempefint om du kan skrive i søknaden kva veker du kan tenkje deg å jobbe.  

Ta gjerne kontakt om du lurer på noko om arbeidsoppgåver i avdelinga eller har andre spørsmål!   

Vi ser fram til å høyre frå deg!


Kvalifikasjonar:

  • farmasistudentar, med og uten ekspedisjonsrett, og elevar på apotekteknikar linja
  • andre studentar/kandidater med interesse for faget og stillinga 
  • gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
  • gode IKT-kunnskapar

Kven er du?

  • Vi ser etter deg som har gode samarbeidsevner, er ansvarsbevisst og påliteleg
  • Du har eit godt auge for detaljar og er opptatt av kvalitet i arbeidet
  • Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga

Vi tilbyr:

  • sjansen til fagleg og personleg utvikling
  • gode og støttande kollegaer
  • opplæringa du må ha
  • løn i samsvar med gjeldande overeinskomst  

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Vesna Tanaskovic Lien, Konst. sjukehusapotekar, +47 48670295

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sjukehusapoteka Vest

Referansenr.: 5066035387
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 15.02.2026

Om bedriften

Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv seks sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c5d53e81-8e56-4b63-8e89-cc78a08b2648

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

61c49e36cd534aadb58b9dc543eac513

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Sjukehusapoteka Vest

Sted

Førde