Hopp til innhold

Produktspesialist / teknikar brann- og tryggleikssystem

Arbeidsgiver

Tussa

Sted

Brendehaugen 11, 6065 Ulsteinvik

Om jobben

Stillingstittel
Produktspesialist / teknikar brann- og tryggleikssystem
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 3. juli

Tussa Installasjon 

Tussa Installasjon er ein av dei leiande elektroentreprenørane i regionen, med over 75 års erfaring i bransjen. Selskapet tilbyr eit breitt spekter av elektrotekniske tenester for både privatkundar og næringsliv. Med avdelingar i Ørsta, Ulsteinvik, Fosnavåg og Stryn, er vi tett på kundane våre og har eit sterkt lokalt fotfeste.

Tussa Installasjon har om lag 160 medarbeidarar, som til saman utgjer ein sterk fagleg organisasjon. Vi har bygd opp solid kompetanse og lokalkunnskap gjennom fleire tiår, og arbeider målretta for å levere framtidsretta og miljøvennlege løysingar.

Vi tilbyr tenester innan dei fleste elektrofaglege disiplinane – inkludert sterkstraum, svakstraum, automasjon, tele og data. Faget vårt er i stadig utvikling, og vi legg stor vekt på kontinuerleg fagleg oppdatering for å møte krava både i dag og i framtida.

Video: https://vimeo.com/1045278634?share=copy&fl=sv&fe=ci

Produktspesialist / teknikar brann- og tryggleikssystem

Er du fagleg dyktig, ansvarsbevisst og serviceinnstilt, og ønskjer å jobbe med framtidsretta og miljøvenlege løysingar? Då kan du vere rett person for oss! 

Vi tilbyr eit sterkt og inkluderande fagmiljø med varierte oppdrag og moderne teknologi. 

Arbeidsplassen vil primært vere på søre Sunnmøre, men oppdrag utanfor området må påreknast. Kontor og oppmøteplass er ved avdelinga vår i Ulsteinvik, i nye og moderne lokale i Saunesmarka.

Arbeidsoppgåver:

Som produktspesialist vil du jobbe med: 

  • Tilgangskontroll
  • Brann- og innbrotsalarm
  • Kameraovervaking
  • Nettverkssystem
  • Andre byggautomatiseringsprodukt

Du blir del av eit lag med fleire kompetente medarbeidarar. Nøyaktig ansvarsområde blir tilpassa kompetansen din og dine interessefelt. 

Kvalifikasjonskrav:
  • Elektroutdanning, fortrinnsvis teknikar eller høgare utdanning. Erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Meistre norsk og engelsk, munnleg og skriftleg.
  • Sertifikat klasse B.

Du likar å samarbeide med andre, men er og sjølvstendig i arbeidet ditt. Vi vil leggje vekt på personlege eigenskapar. 

 

Vi tilbyr:
  • Relevant produktopplæring
  • Interessante og utfordrande oppgåver i eit aktivt konsern
  • Uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på utvikling, sjølvstende og trivsel
  • Gode løn-, pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktperson for stillingen

Børre Brandal

Avdelingsleiar avd Ulsteinvik

+47 90 56 52 02

borre.brandal@tussa.no

Om bedriften

Tussa er eit leiande energi- og teknologikonsern på Nordvestlandet. Vi produserer fornybar energi, byggjer og driftar fibernett, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør. Over 300 medarbeidarar jobbar i Tussa. 

 

Hovudkontoret vårt er i Ørsta, i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar. 

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c5a492ce-95f3-4566-a618-fd94e0398b21

Sist endret

22. juni 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10300697

Lignende annonser

Laster lignende annonser