Hopp til innhold

Tilkallingsvikarar - Portør, Lagermedarbeidar og Reinhald til Voss sjukehus

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Sjukehusvegen 16, 5704 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Tilkallingsvikarar - Portør, Lagermedarbeidar og Reinhald til Voss sjukehus
Type ansettelse
Annet, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Støttetenester, Voss sjukes som består av portør, reinhald og innkjøp, har et godt og stabilt fagmiljø med motiverte og hyggelege medarbeidare. Voss sjukehus har om lag 400 tilsette, og er eit moderne og velutstyrt sjukehus med ulike faggreiner innan spesialisthelsetenesta.

Vi søker etter tilkallingsvikarar som portør, lagermedarbeidar og reinhald til Voss sjukehus frå snarast. Du må oppgi i søknaden kva stilling(ar) du søker.

Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret, men vil gå vakter ved Voss sjukehus. 


Arbeidsoppgåver

Arbeisoppgåver portør: 

  • Pasienettransport internt i seng/rullestol eller gåande
  • Transport av reine og skitne senger og intern varetransport
  • Handtering av boss og spesialavfall
Arbeidsoppgåver lagermedarbeidar:
  • Oppgåver knytt til lagerlogistikk frå mottak til leveranse i sjukehuset
  • Følge opp interne bestillingar
  • Utkjøyring av varer til avdelingane og mottak og utlevering av medisinar til avdelingane
Arbeidsoppgåver reinhald:
  • Dagleg reinhald på avdelingar og fellesområde
  • Vedlikehaldsoppgåver
  • Smittevask, vask og reiing av senger og hovudreinhald
  • Arbeidsoppgåver i postkjøkken
  • Dag-, kvelds- og helgevakter
  • Avdelinga har i tillegg reinhald av personalbustader

Kvalifikasjonar

Kvalifikasjonar portør: 

  • Må ha gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Ha grunnleggande IKT-kompetanse
  • Personelge eigenskapar blir vektlagt og det er ønskeleg med førstehjelpskurs
Kvalifikasjonar lagermedarbeidar:
  • Ønskeleg med kjennskap til vareflyt i sjukehus
  • Erfaring med, eventuelt god forståing for, heile verdikjeda «frå behov til leveranse»
  • God IKT-kompetanse og ein må ha gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Ønskeleg med kjennskap til «SAP»
Kvalifikasjonar reinhald:
  • Vi søker etter personar med interesse for og gjerne erfaring frå reinhaldsfaget
  • Det er ikkje krav til fagbrev, men søkarar med dette er òg av interesse
  • Det er krav til gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
  • Gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

Personelge eigenskapar portør:
  • Vera utadvendt og service innstilt
  • Fleksibel, gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Du arbeidar sjølvstendig og meistrar handtering av fleire oppgåver på same tid
  • Du har god orden, er punktleg og påliteleg
  • Vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Arbeidet er fysisk krevande 
Personlege eigenskapar lagermedarbeidar:
  • Du har god orden, er effektiv og nøyaktig
  • Fleksibel, gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Strukturert, arbeidar sjølvstendig, har evne til å handtere høgt arbeidstempo også i krevande situasjonar
  • Serviceinnstilt, positiv og løysingsorientert
  • Vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Arbeidet er fysisk krevande
Personlege eigenskapar reinhald:
  • Jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø
  • Kunne arbeide sjølvstendig men òg ha gode samarbeidsevner
  • Arbeidet er fysisk krevande

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Godt fagleg miljø og teamarbeid med hyggelege kollegaer
  • Relevant opplæring

Kontaktinformasjon

Marthe Sigrid Gjøstein, Assisterande seksjonsleiar, 97024854

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 16
5704 Vossevangen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5085514922
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 06.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Marthe Sigrid Gjøstein

Assisterande seksjonsleiar

97024854

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c5163974-464d-4a33-b7df-baac338aaf4c

Sist endret

19. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

95229a842daa4141a39f7b65655a762d

Lignende annonser

Laster lignende annonser