Hopp til innhold

Vi søker deg som har mekanikarbakgrunn eller har erfaring frå industri

Arbeidsgiver

Engebø Rutile and Garnet

Sted

Fjordavegen 2044, 6817 Naustdal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Industrimedarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Prosessanlegget vårt på Engebø er framleis ganske nytt, og vi jobbar saman for å skape ein trygg og effektiv produksjon. Her får du ein fot innanfor i eit framtidsretta og banebrytande mineralprosjekt, med kollegaer som har godt humør, flott utsikt, og innimellom ei god treningsøkt i arbeidstida.

Som tilsett hos oss kan du velge om du ønsker å jobbe femskift eller to skift, alt etter kva som passar deg og din kvardag best.

Arbeidsoppgåver:
  • Delta i drift og vedlikehald av prosessanlegget.
  • Følge rutinar for HMS og bidra til eit trygt arbeidsmiljø.
  • Bidra i oppgåver som held produksjonen i gang
  • Kven vi ser etter:
  • Deg som er mekanikar med fagbrev.
  • Deg med industri- eller teknisk erfaring som kanskje ikkje har fagbrev, men ønsker å jobbe mot å ta det.
  • Deg som er nysgjerrig, lærevillig og ikkje redd for å ta i eit tak.
  • Deg som held hovudet kaldt og humøret oppe, sjølv når det er litt trøkk.
  • Truck- og krankurs er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Du er velkomen til å søke sjølv om du ikkje kjenner deg att i alle desse punkta.

    Vi tilbyr:
  • God opplæring av dyktige kollegaer.
  • Arbeid i eit trygt, inkluderande og profesjonelt miljø.
  • Varierte arbeidsdagar der du får kombinert fysisk arbeid med problemløysing og teknisk innsikt.
  • Moglegheit til å jobbe femskift eller toskift, alt etter kva som passar deg best.
  • Tidlegare søkarar er hjarteleg velkomne til å søke på nytt. Søknader blir behandla fortløpande, så det er ingen grunn til å vente med å søke.

    Om bedriften

    Engebø Rutile and Garnet AS er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi er ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring som driv ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil. I Engebø Rutile and Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både når det gjeld å skape lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og bidra i lokalsamfunnet. Folka i organisasjonen er sjølve nøkkelen til å få dette til.

    Sektor

    Privat

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    c4dd4df3-26b6-4fa0-b5eb-005a3c911077

    Sist endret

    21. desember 2025

    Hentet fra

    FINN

    Referanse

    440383056

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser