100% fast stilling som miljøarbeidar
Måløy vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune
Nordfjordvegen 9109, 6718 Deknepollen
Om jobben
- Stillingstittel
- 100% fast stilling som miljøarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. juli
Arbeidsoppgåver
Oppfølging, rettleiing og støtte for elevar i og utanfor undervisning i samarbeid med lærarar og avdelingsleiar.Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan restaurant og matfag og/eller helse/barne- og ungdom eller anna relevant utdanning
- Du trivst med, og har erfaring frå arbeid med barn/unge med spesielle behov
Personlege eigenskapar
Vi er på utkikk etter deg som er raus og omsorgsfull og som har evne til å skape gode relasjonar til elevane. Du som er tålmodig, men som også kan vere bestemt og strukturert. Du som er fleksibel og likar å jobbe i ein til tider hektisk kvardag med varierte arbeidsoppgåver.Vi tilbyr
Vi tilbyr interessante og utfordrande arbeidsoppgåver. Eit godt arbeidsmiljø med hyggelege og utviklingsorienterte kollegaer. Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland Fylkeskommune sin lønspolitikk. Gode forsikrings- og pensjonsordningar.Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset nyare politiattest.
Kontaktinformasjon
Helen Hjertaas, avdelingsleiar, 41530832, helen.hjertaas@vlfk.noArbeidsstad
Nordfjordvegen 91096718 Deknepollen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5146601825
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.07.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c480fead-72af-4cf1-bff8-d9d6534d47ef
- Sist endret
18. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
835abefdc6fa42848b22228e71e4ec39