Hopp til innhold

Miljøterapeutar Selje / Stadlandet

Arbeidsgiver

Bu- og miljøtenesta, Stad kommune

Sted

Primær Fylkesveg 620 17, 6750 Stadlandet, 6740 Selje

Om jobben

Stillingstittel
Miljøterapeutar Selje / Stadlandet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
3
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 28. juni

Vil du vere med å utvikle gode helsetenester i Stad kommune? Bu- og miljøtenesta Selje / Stadlandet har no ledige tre 100 % stillingar som miljøterapeut. Stillingane er inkluderte 20 % frie timar. 

Bu- og miljøtenesta er ei teneste i stadig utvikling. Tenesta har fleire tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Brukargruppa er samansett av menneske med ulike funksjonsnedsettingar i ulik alder og livssituasjon. Det overordna målet for bu- og miljøtenesta er å bidra til at tenestemottakarane oppnår høgast mogleg grad av livskvalitet.


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for det faglege rundt dei brukarane ein er primærkontakt for
  • Kartlegge og vurdere behov
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
  • Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team
  • Rettleie studentar, lærlingar og andre
  • Følgje opp miljøterapeutiske tiltak
  • Utføre brukarretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
  • Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Utdanning og autorisasjon som vernepleiar eller treårig sosialfagleg utdanning på universitets- eller høgskulenivå
  • Andre med relevant erfaring og gode, personlege eigenskapar kan også søkje og bli vurdert
  • I tillegg er det ønskeleg med relevant vidareutdanning og kurs
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid
  • Høve til å skape eit godt arbeidsmiljø  
  • Høve til fagleg utvikling
  • Vi legg til rette for vidareutdanning på område som kommunen har behov for
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Busette i Stad kommune kan søkje Lånekassen om å få sleta delar av studielånet sitt

Stad kommune har god båtkorrespondanse til Bergen og nærflyplass i i Gloppen -  Sandane Anda lufthamn.

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Referansar skal leggast inn. Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søknad om unnatak må grunngjevast. 

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du kontake avdelingsleiar Silje Sneide telefon 481 19 558 eller assisterande einingsleiar Ann-Charlotte Jansson telefon 977 23 146

Kontaktinformasjon

Silje Sneide, Avdelingsleiar Bu- og miljøtenesta, 48119558, silje.sneide@stad.kommune.no
Ann-Charlotte Jansson, Assisterande einingsleiar, 97723149, ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Primær Fylkesveg 620 17
6750 Stadlandet

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5139770507
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.06.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Ann-Charlotte Jansson

Assisterande einingsleiar

97723149

ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no

Silje Sneide

Avdelingsleiar Bu- og miljøtenesta

48119558

silje.sneide@stad.kommune.no

Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

www.nordfjord.no/stad

www.hjartestad.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b521ac2d-93b5-4105-b87b-00486f07c882

Sist endret

16. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

2eb7efcbd56a4b48b626266e91693b8c

Lignende annonser

Laster lignende annonser