Hopp til innhold

Sterilforsyningsteknikar

Arbeidsgiver

Sterilforsyningsteknikk enhet, Haugesund sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Sterilforsyningsteknikar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 11. desember

Har du lyst til å arbeide med viktige oppgåver innan hygiene, smittevern og pasienttryggleik?

Hos oss i sterilforsyningseininga får du ein variert arbeidskvardag der kvalitet, samarbeid og gode rutinar står sentralt.
Vi er organiserte under Anestesi, intensiv og operasjonsavdelinga i kirurgisk klinikk.

Vi har eit viktig ansvar for at instrument og utstyr som blir brukt i behandlinga av pasientane, er reint, sterilt og klart til bruk. Du blir ein del av eit fagmiljø som arbeider med oppgåver innan sterilforsyning og smittevern, både i sterilsentralen og i operasjonsavdelinga.

Sterilforsyning er eit fagfelt i utvikling, med stadig større merksemd på kvalitet, pasienttryggleik og gode arbeidsprosessar. Hos oss får du arbeide i eit fagleg miljø der samarbeid, kommunikasjon og profesjonalitet er viktig.


Kva går jobben ut på?

  • Utføre oppgåver i sterilforsyningskjeda, som desinfeksjon, pakking og sterilisering av instrument og utstyr frå fleire fagområde.
  • Reinhald, førebuing og klargjering av operasjonsstover.
  • Utføre støtteoppgåver knytte til beredskap for anestesi og operasjon i operasjonsavdelinga.
  • Arbeide med logistikk, lagerhald og transport, og kvalitetssikre sterile instrument og anna utstyr.
  • Utføre oppgåver på tvers av arbeidsstadene i eininga.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Ønskeleg at du har fagbrev innan reinhald eller helsefag.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Ønskeleg at du fullført fagskole i sterilforsyning og smittervern og/eller har erfaring innan sterilforsyning og smittevern.

Dersom du ikkje har fullført fagskule i sterilforsyning og smittevern ved tilsetjing, skal utdanninga gjennomførast etter nærare avtale med arbeidsgivar. Tidspunkt for oppstart blir vurdert ut frå avdelinga sitt behov og tilgjengeleg praksis.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • er oppteken av fagleg kvalitet og har forståing for ansvaret som ligg i rolla di
  • tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
  • samarbeider godt med ulike fag- og yrkesgrupper og er open for utvikling innan fag og teknologi
  • arbeider sjølvstendig og strukturert
  • kommuniserer godt og handterer situasjonar som kan vere krevande eller uoversiktlege
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Kvifor skal du velje oss?

  • Du blir ein del av eit fagmiljø med viktige oppgåver innan hygiene, smittevern og pasienttryggleik.
  • Vi legg til rette for fagleg og personleg utvikling.
  • Du får ein variert arbeidskvardag i eit dynamisk arbeidsmiljø.
  • Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, mellom anna pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Helse Fonna er ei IA-bedrift.

Kontaktinformasjon

Michelle Kvåle Lokøen, Funksjonsleiar

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5204158555
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.12.2026

Kontaktperson for stillingen

Michelle Kvåle Lokøen

Funksjonsleiar

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c47147f5-efb5-4750-aba4-2771325de358

Sist endret

26. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7602580285984fb6bd7a02332ea08e14

Lignende annonser

Laster lignende annonser