Er du fagarbeidar med sans for logistikk og kvalitet?
Vareforsyning Haugesund Sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagarbeider logistikk
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 10. desember
Vil du vere med og sikre god pasientbehandling gjennom smart og effektiv logistikk?
Ved Forsyningseininga søkjer vi no ein fagleg engasjert, serviceinnstilt og lærevillig fagarbeidar innan logistikk. Hos oss får du ein aktiv og variert arbeidskvardag med ei viktig rolle i drifta av sjukehuset.
Forsyningseininga har ansvar for logistikk og forsyning av eingongsforbruksmateriell som sjukehuset er avhengig av kvar einaste dag. Vi tek imot varer, følgjer opp bestillingar og sørgjer for at avdelingane har det dei treng for å kunne gi god behandling til pasientane. Logistikken vår er ein viktig del av sjukehuskvardagen, og dei siste åra har ansvarsområdet vårt blitt både meir synleg og meir sentralt.
Hos oss får du jobbe tett på vareflyten og vere ein del av eit fagmiljø som er oppteke av kvalitet, utvikling og kontinuerleg forbetring. Vi er ein inkluderande og driftig gjeng som verdset samarbeid, initiativ og nye idéar.
Arbeidsdagen er på dagtid frå måndag til fredag. Du vil vere i rørsle gjennom store delar av dagen og ha kontakt med mange ulike avdelingar. Difor trivst du med ein aktiv arbeidskvardag, likar å ta ansvar og ser verdien av orden og system. For å lukkast i rolla er det viktig at du har god digital forståing, er lærevillig og ser samanhengen mellom godt logistikkarbeid og god pasientbehandling. Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til utvikling, som er open for endringar og som har lyst til å vere med på å gjere ein forskjell kvar dag.
👋 Vi ønskjer deg velkommen til å søkje stilling som fagarbeidar innan logistikk i helsevesenet!
Kva går jobben ut på?
Arbeidsoppgåvene er blant anna:
- Varemottak og registrering av vareleveransar til både sentrallageret og til avdelingar.
- Skanning, planlegging og plukk av varer til avdelingar.
- Få opplæring og kunnskap innan lagerbygging.
- Kunnskap om vareflyt og forsyningskjede.
- Sørge for orden og vedlikehald på våre eigne lagerområde samt lager på avdelingane.
- Vere deltakande i og aktiv i forbetringar.
- Bruk av innkjøps- og logistikksystem Libra (SAP).
- Endringar i system knytt opp mot ulike behov på avdelingane på sjukehuset.
- Vareleveranser til eksterne lokasjonar tilknytte Haugesund sjukehus.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Me ønskjer primært kandidatar med fagbrev innan logistikk.
- Søkjarar med fagbrev i servicefag eller helsefag kan vurderast.
- Erfaring med logistiske dataverktøy, ønskjeleg med kjennskap til SAP.
- Førarkort kl. B. Manuelt gir, helst.
- Gode norskkunnskapar muntlig og skriftlig. Gjerne kunne kommunisere på engelsk.
- God forståing innan hygiene og fokus på dette i det daglege arbeidet.
- God forståing for vareflyt og lagerlogistikk. Kan vere både frå privat og offentleg sektor.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- opptrer lojalt i temaet og er til stades for dine kollegaer.
- er engasjert, påliteleg og ansvarsbevisst, og møter arbeidsdagen med ein «ja-mentalitet».
- er ein positiv og serviceinnstilt kollega med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- jobbar strukturert, tek initiativ og er lærevillig, med gode haldningar til endringsarbeid og utvikling.
- er i god fysisk form og eigna til praktisk arbeid.
- har låg terskel for å spørre om bistand og spør fordi du ynskjer å lera.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?
- Eit unikt kollegateam med dyktige kollegaer.
- Arbeidstid på dagtid der du har fri på kveldane og i helgene.
- God og betalt trim i løpet av arbeidsdagen.
- Inkluderande miljø der ein ønskjer å høyre kvarandre sine meiningar og forbetringsforslag.
- Blir ein del av ei samfunnskritisk verksemd og ein jobb med meining!
Vi oppfordrar alle søkerar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Natalia Soto, Avdelingsleiar logistikk HFO, 40613860Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5201945368
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.12.2026
Kontaktperson for stillingen
Natalia Soto
Avdelingsleiar logistikk HFO
40613860
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4500 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
565ba234-b8bf-46f2-9a39-378dd6cca2dc
- Sist endret
26. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4710f68f117740b2b2b1cd990abdbd88