Hopp til innhold

Assistent - Gastroenterologisk poliklinikk

Arbeidsgiver

Haugesund sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Oppstart
1. januar 2027
Stillingstittel
Assistent
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 30. november

Likar du praktiske oppgåver, har sans for orden og trivst med å ha oversikt?

Ved gastroenterologisk poliklinikk utgreier og behandlar vi pasientar med sjukdommar i fordøyingssystemet gjennom endoskopiske undersøkingar og poliklinisk oppfølging.

Som assistent hos oss får du ei viktig rolle i den daglege drifta. Du sørgjer for at undersøkingsrom og utstyr er klare til bruk, og bidreg til god arbeidsflyt gjennom dagen. Her blir du ein del av eit triveleg fagmiljø der vi legg vekt på kvalitet i arbeidet og gode opplevingar for både pasientar og medarbeidarar.

Vi ser etter deg som tek initiativ, likar å ha orden rundt deg og samarbeider godt med andre.

👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg.


Kva går jobben ut på?

  • Klargjere undersøkingsrom og nødvendig utstyr
  • Reingjere skop og anna utstyr
  • Handtere skopvaskemaskin og instrumentvaskemaskin (du får opplæring)
  • Fylle på utstyr og sørgje for at det er tilgjengeleg
  • Halde orden på lager og i arbeidsområda

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha:

  • Utdanning som er relevant for teknikaroppgåver.
  • Utdanning eller kurs innan reinhald og/eller hygiene.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • Samarbeider godt med kollegaer.
  • Tek initiativ og ser kva som må gjerast.
  • Arbeider strukturert og held orden.
  • Tilpassar deg nye oppgåver og arbeidsmåtar.
  • Held roa og klarer å prioritere når det er travelt.
  • Er nysgjerrig og interessert i å lære.

Personlege eigenskapar blir vektlagde.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • Ein praktisk arbeidskvardag med ulike oppgåve.
  • Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø.
  • Opplæring i bruk av skopvaskemaskin og instrumentvaskemaskin.

Kontaktinformasjon

Ida Dankel Seim, Funksjonsleiar, 955554638

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5210618316
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 30.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Ida Dankel Seim

Funksjonsleiar

955554638

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d398c885-3da8-4a92-a614-612d77d755e8

Sist endret

18. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

efca043e786e4c46bf726b7bf2c80fcd

Lignende annonser

Laster lignende annonser