Overingeniør/teknisk utgreiar
Møre og Romsdal jordskifterett
Bårdshaugvegen 1, Surnadal, 6650 Surnadal
Om jobben
- Stillingstittel
- Overingeniør/teknisk utgreiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest onsdag 31. desember
Om stillinga
Noregs domstolar er den tredje statsmakt og samfunnets fremste konfliktløysar. Domstolane treff avgjerder som betyr mykje for både enkeltmenneske og samfunnet.
Dersom ditt faglege engasjement spenner over både landmåling og jordskiftefag, kan stilling som overingeniør/teknisk utgreiar i jordskifteretten vere interessant for deg.
Møre og Romsdal jordskifterett er ein av landets største jordskifterettar og har i dag 19 tilsette fordelt på 3 rettsstadar (Ørsta, Molde og Surnadal). Arbeidsplassen for denne stillinga er Surnadal.
Jordskiftesoknet omfattar alle kommunane i Møre og Romsdal, samt Rindal kommune i Trøndelag. Vi har ledig ei fast 100% stilling som overingeniør/teknisk utgreiar for ein dyktig og engasjert kandidat.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåvene i stillinga er teknisk saksførebuing og teknisk gjennomføring av saker domstolen har til behandling. Oppgåvene omfattar mellom anna:
- saksførebuing, planlegging og utgreiing av sakene i samarbeid med dommar
- innmåling, utsetting, merking av grenser og utarbeiding av grensebeskriving
- GIS-arbeid og utarbeiding av digitale kart
- delta på rettsmøte saman med dommar
- leie og gjennomføre befaring og teknisk arbeid i felt
- verdsetje og bonitere areal
- droneopptak
Arbeidsoppgåvene kan tilpassast noko etter dine kvalifikasjonar. Ved særskilt kompetanse kan det også vere aktuelt å gjennomføre rettsmekling.
Stillinga medfører noko reiseaktivitet og du må rekne med å delta i saksarbeid ved alle rettsstadane i domstolen. Domstolen har eigen tenestebil som ein disponerer ved feltarbeid. Det er eit krav at du har førarkort for bil. Skyss- og kostgodtgjersle vert gitt etter Staten sitt regulativ.
Kven er du?
Faglege kvalifikasjonar:Vi krev i utgangspunktet at du har 3-årig høgskuleutdanning innan landmåling og eigedomsdesign. Anna relevant utdanning kan også vere aktuell, særleg utdanning innan fagfelta GIS, landmåling, kartfag, eigedomsfag tingsrett eller skogfag.
Det blir lagt vekt på god forståing i landmåling, GIS, tingsrett og eigedomsfag. I tillegg blir det lagt vekt på evne og interesse for rettsmekling. Det er vidare ein fordel med kunnskap innan jordskifte og rettsprosess. Det er også ein fordel med erfaring i bruk av GNSS-utstyr til RTK-måling og GIS-verktøy (ArcGis) som blir nytta av jordskifterettane.
Personlege eigenskapar:Du må ha gode samarbeidsevner og kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø. Det blir lagt vekt på at du kan arbeide sjølvstendig, er allsidig og lærevillig. Du må yte service og opptre på ein objektiv og kontakt- og tillitsskapande måte overfor partane i jordskiftesakene. Vi føreset at du kan kommunisere godt munnleg og skriftleg på norsk, og at du kan delta i dialog med partar, private og offentlege instansar på ein god og forståeleg måte. Inngåande menneskekunnskap og ein god dose nysgjerrigheit blir viktige ingrediensar i arbeidskvardagen din. Mange av partane du vil jobbe med er sjølvprosederande, noko som krev ekstra rettleiing og folkeleg språk.
Ferdigheiter i bruk av digitale verktøy blir vektlagt. Vi arbeider kontinuerleg med forbetring av domstolen sine digitale løysingar og rutinar. Du vil få moglegheit til å vere bidragsytar i dette arbeidet.
Stillinga medfører feltarbeid, som også betyr at det kan bli nokre lange dagar til dels i krevjande terreng. Dette føreset at du har normalt god fysisk helse.
Kva tilbyr vi?
I tillegg til samfunnsoppdraget vil du få ein jobb som er variert nok til at du kan bruke innesko, støvlar, ein pen genser/skjorte og allværsjakka på éin og same dag.
Stillinga inneber:
- utfordrande arbeidsoppgåver
- godt arbeidsmiljø med hyggelege og kompetente kollegaer
- du vil lære mykje nytt! Vi er opptatt av å utvikle di kompetanse
- nasjonale og regionale fagsamlingar og godt nettverk
- bruk av nytt teknisk utstyr
- fleksible ordningar for fri, avspasering og moglegheit for trening i arbeidstida
- tittel overingeniør og lønn etter Hovudtariffavtalane i staten med konkurransedyktige vilkår og ei av marknadens beste pensjonsordningar i Statens pensjonskasse
- trygg arbeidsplass innanfor statens rammer og avtaleverk
Deler av arbeidet føregår på kontoret og andre delar i storslått naturomgjevnader. Her er det svært gode moglegheiter til utøving av friluftsliv, jakt og fiske på fritida.
Mangfald i Noregs domstolar
Det er viktig at dei tilsette i norske domstolar representerer eit godt mangfald med ulik bakgrunn og livserfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ønskjer difor å rekruttere fleire medarbeidarar som har ein fleirkulturell bakgrunn, ulik arbeids- og livserfaring, funksjonsnedsetjing og hol i CV. Dette vil gi domstolane viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget.
Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på www.dfo.no.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Domstolane er den tredje statsmakt. Noreg har 50 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Landet er delt inn i 19 jordskifterettar med ca. 230 tilsette. Du kan lese meir om jordskifterettane på www.domstol.no.
Jordskifteretten er ein særdomstol som i hovudsak arbeider med omforming av eigedommar, organiserer felles bruk av eigedommar, klargjer rettsforhold og grenser til fast eigedom, og ei rekke skjønn.
Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn basert på tillit. Tillit mellom menneske og myndigheiter, men også mellom deg og meg. Alle skal ha tillit til og respektere våre avgjerder, uavhengig av utfall. Hos oss kan kvar og ein få avgjort si sak, sett strek og kome seg vidare.
Med vår rolle følgjer eit stort ansvar. Våre avgjerder er uavhengige og upåverka av myndigheiter eller press frå andre miljø. Med komplekse juridiske problemstillingar brukar vi tid på å djupdykke ned i jussen. Arbeidskvardagen er dessutan prega av variasjon. Ein dag er vi ute på befaring eller fastset grenser, ein annan dag leiar vi retten eller er på kontoret og skriv dom. Med andre ord trivst vi i både støvlar og sko.
Personopplysningar i søknad og CV til stillinga blir handtert i samsvar med lov om behandling av personopplysningar. Du kan lese meir om personvern på www.domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane.
Vi utarbeider offentleg søkarliste og viser til offentleglova § 25, andre ledd, for moglegheit til å bli unntatt frå denne.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c44da20f-cf08-44e3-89fc-e301cfad6eda
- Sist endret
2. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10271951
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Surnadal kommune Helse og familie
Sted
Surnadal
Anleggsleder bygg og anlegg
Arbeidsgiver
HS
Sted
Møre og Romsdal, Vestland
Arbeidsleder, demonteringsarbeid
Arbeidsgiver
Langset Mek As Avd Sunndalsøra
Sted
Sunndalsøra