Trainee rekneskap
Yapril AS
Bjørndalvegen 7, 6065 Ulsteinvik / Strandgata 15E, 6150 Ørsta, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Bli trainee i Reknehuset Ørsta/Ulsteinvik
- Type ansettelse
- Trainee, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 4. mai
Som trainee i Reknehuset får du jobbe tett på næringslivet, bruke økonomifaget i praksis og bli ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande miljø på Søre Sunnmøre. Her kan du velje mellom Reknehuset sine kontor i Ulsteinvik eller Ørsta.
Kven ser vi etter?Vi ser etter deg som har fullført, eller er i ferd med å fullføre, bachelor- eller mastergrad innan økonomi, rekneskap eller tilsvarande.
Vi ser etter deg som:
-
er nysgjerrig og lærevillig
-
ønskjer ansvar og fagleg utvikling
-
likar å samarbeide med andre
-
er open for endring og nye løysingar
Vi er på jakt etter eit langtidsforhold. Du er ein medarbeidar som ønskjer å bli verande hos oss, også etter at traineeåret er omme.
Kven er Reknehuset?
Reknehuset har 17 medarbeidarar, fordelt på kontora våre i Ulsteinvik og Ørsta. Vi er blant dei største rekneskapsbedriftene på Sunnmøre. Kundane våre speglar det lokale næringslivet og består av eit breitt spekter av næringar. Dette gir ein variert og spennande jobbkvardag. Med Reknehuset på laget, får kundane ein aktiv rådgjevar og ei rekneskapsbedrift som bryr seg.
Vi er ein moderne rekneskapspartnar som kombinerer fagkompetansen vår med brukarvennlege løysingar.
Arbeidskvardagen som traineeSom trainee i Reknehuset blir du ein integrert del av kvardagen vår, med tett oppfølging frå opplæringsansvarleg. Du får varierte og relevante arbeidsoppgåver innan:
-
rekneskapsføring og avstemming
-
rapportering og årsoppgjer
-
rådgjeving og kundedialog
-
arbeid mot ulike bransjar og selskapsformer
Du jobbar tett saman med erfarne kollegaer som delar kunnskap, utfordrar deg fagleg og bidreg til eit ope og inkluderande arbeidsmiljø. Det er ikkje berre fagmiljøet som er sterkt. Vi har ein eigen sosialkomité som tek vare på det sosiale gjennom årlege turar og andre møtepunkt. Mellom anna har vi årleg blåtur i tillegg til ei fagleg samling på tvers av rekneskapskontora på Sunnmøre.
Skap di draumekarriere på Søre SunnmøreGjennom denne stillinga er du tilknytt Spring - Traineeprogrammet på Søre Sunnmøre. Vi tilbyr fagleg utvikling, sosialt samhald og erfaringsutveksling i ein framtidsretta region med rolege omgivelsar og spektakulær natur. Vi tilbyr:
-
Fagleg utvikling: Gjennom fire samlingar får du fagleg og personleg utvikling, erfaringsutveksling og bedriftsbesøk. Saman legg vi eit makelaust grunnlag for ei karriere i regionen!
-
Sosialt samhald: Spring arrangerer turar, fellesmiddagar og samankomstar gjennom året. Oppdag fjella, fjøra, dei gode lokalsamfunna, dugnadsånda og idrettsgleda.
-
Erfaringsutveksling: Spring legg til rette for erfaringsutveksling mellom våre traineear, og er ein døropnar til faglege arenaer og nettverk i regionen. Traineeane skal dele erfaringar og rådføre kvarandre gjennom dei faglege samlingane, og får delta på arrangement og konferansar saman med andre næringslivsinteresserte i regionen.
Oppstart: Etter avtale, innan 1. september
Varigheit: 1 år, med moglegheit for fast tilsetting etter traineeperioden
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c447e7ea-2ce1-4701-819a-8c6876608365
- Sist endret
20. april 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
459760238