Hopp til innhold

Økonomisjef

Arbeidsgiver

Hywer AS

Sted

Dalstunet 15, 6963 Dale i Sunnfjord

Om jobben

Stillingstittel
Økonomisjef
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. februar

Vil du vere med å byggje fornybar energi med ein framoverlent og erfaren organisasjon?

Hywer opplever auka oppdragsmengd og søkjer ein engasjert, strukturert, fagleg sterk og tydeleg leiar til vår økonomifunksjon.

Hywer er leiande på utvikling av berekraftige løysingar til vasskraftbransjen. Vi levera komponentar og utstyr til nokre av dei største vasskraftprosjekta i landet, og har i tillegg fleire kraftverk under bygging og prosjektering for ulike kundar.

Vi ser etter deg som skjønar at økonomi grip inn i alle delar av verksemda og er nært knytt til kompetansen den enkelte arbeidstakar har og korleis denne kan omsetjast til vekst, kundar, interessante oppgåver og overskot.

Vi har eit unikt og breitt fagmiljø med kompetanse innan design, produktutvikling, prosjektleiing, montasje, innkjøp og logistikk -- både innan mekaniske fag, byggfag og elektro. Med totalansvar for komplette vasskraftanlegg og komponentleveringar har vi stor moglegheit til påverknad og direkte læring frå prosjekt til prosjekt.

Hos oss får du ein variert, utviklande og meiningsfull kvardag -- saman med gode kollegaer.

Vi ser etter deg som ynskjer å utvikle deg sjølv og kraftbransjen, har pågangsmot og trivast i tverrfaglege team.

Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for selskapet sin økonomifunksjon, leiar for ein medarbeidar og ansvarleg kontakt mot ekstern regnskapsførar, revisor og konserninterne funksjonar

  • Sørge for god systemstruktur

  • Administrative oppgåver som fell under økonomi

Kvalifikasjonar
  • Økonomiutdanning på bachelornivå eller høgare

  • Minst 10 års erfaring

  • Erfaring frå økonomisystem

  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar
  • Evne og interesse til å sette seg inn i bedrifta sine prosjekt og produkt for å forstå risiko

  • Strukturert og sjølvstendig, samtidig som du trivast i team

  • Proaktiv, initiativrik og løysingsorientert

  • Fagleg sterkt og tydeleg når du veit du har rett

  • Høg integritet

  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø med gode utviklingsmoglegheiter

  • Konkurransedyktige vilkår, samt gode pensjons- og forsikringsvilkår

  • Fleksitidsordning og gode moglegheiter for påverke eigen arbeidskvardag

  • Ei unik moglegheit til å bidra i vidareutvikling av ein organisasjon i vekst

Arbeidsstad: Dale i Sunnfjord

Søknad sendast til: post@hywer.no

Om bedriften

Hywer er ein leiande leverandør av utstyr, tenester og totalentreprisar innan vasskraft. Vi betener den norske marknaden og har ambisjonar om internasjonal vekst.

Vi har erfaring frå bygging av nær 90 kraftverk og over 600 andre vasskraftprosjekt. Kompetansen vår spenner over heile verdikjeda -- frå design, prosjektering og produktutvikling til produksjon, logistikk, utbygging og idriftsetjing. Dette gjer oss i stand til å tilby kostnadseffektive og gode løysingar for kundane våre.

Hywer er eit sjølvstendig heileigd dotterselskap i SaintGobainkonsernet, som har verksemd i 76 land og over 166 000 tilsette. I Noreg er vi i konsern med Optimera, Brødrene Dahl, Flisekompaniet og Ventistål. Hywer har i dag 45 tilsette og ei omsetning på 500 millionar kroner.

Hovudkontoret vårt ligg i Dale i Sunnfjord, med om lag 30 tilsette. Vi har òg kontor i Oslo, samt tilsette i andre delar av landet.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c43ce6df-a32d-41aa-b022-9a2f28fbc261

Sist endret

21. januar 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

446385774

Lignende annonser