Energimontør eller elektrikar med fagbrev
HYWER AS
Dalstunet 15, 6963 Dale i Sunnfjord
Om jobben
- Stillingstittel
- Energimontør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 20. mars
Vil du vere med å byggje fornybar energi saman med ein framoverlent og erfaren organisasjon?
Hywer opplever auka oppdragsmengde og søkjer etter ein energimontør eller elektrikar til vår elektroavdeling.
Hywer er leiande på utvikling av berekraftige løysingar til vasskraftbransjen. Vi leverer komponentar og utstyr til nokre av dei største vasskraftprosjekta i landet, og har i tillegg fleire kraftverk under bygging.
Vi ser etter deg som er energimontør eller elektrikar med fagbrev. Du blir ein viktig del av den vidare oppbygginga av elektroavdelinga til Hywer der målet er å auke eigenproduksjon og utvikle ein solid fagleg organisasjon som kan bidra til heile bredda i vår virksomheit. Du vil og spele ei sentral rolle i å sikre kvalitet, sikkerheit og lønsam gjennomføring av våre prosjekt.
Vi har eit unikt og breitt fagmiljø med kompetanse innan design, produktutvikling, prosjektleiing, montasje, innkjøp og logistikk -- både innan mekaniske fag, byggfag og elektro. Med totalansvar for komplette vasskraftanlegg og komponentleveringar har vi stor moglegheit til påverknad og direkte læring frå prosjekt til prosjekt.
Hos oss får du ein variert, utviklande og meiningsfull kvardag -- saman med gode kollegaer.
Vi ønskjer deg som vil vere med på laget og forme vegen vidare.
Arbeidsoppgåver-
Installasjon, vedlikehald og service innan industri, kraftverk og andre energi- og elektrotekniske anlegg.
-
Høg- og lavspent arbeid.
-
Fiber og kontrollanlegg.
-
Rehabilitering og oppgraderingsprosjekt.
-
Deltakelse i planlegging, gjennomføring og dokumentasjon av oppdrag.
-
Bidra aktivt til vidare oppbygging av elektroavdelinga.
-
Representere Hywer ute hos kundar og samarbeidspartnarar.
-
Fagbrev som energimontør eller elektrikar.
-
Erfaring fra industri, service, kraftstasjonar eller tilsvarande.
-
Evne til å ta ansvar og være ein positiv bidragsytar i miljøet.
-
Vilje til å ta ansvar, stå i utfordringar og lære nye ting.
-
Fleksibilitet og gjennomføringsevne.
-
Førerkort klasse B
-
Eit sterkt og inkluderande fagmiljø med gode utviklingsmoglegheiter
-
Konkurransedyktige vilkår, samt gode pensjons og forsikringsordningar.
-
Moglegheit for sterk personleg og fagleg utvikling, moglegheit for fleire fagbrev.
-
Tjenestebil etter avtale
Arbeidsstad : Prosjekt over heile landet. Reising må påreknast!
Om bedriften
Hywer er ein leiande leverandør av utstyr, tenester og totalentreprisar innan vasskraft. Vi betener den norske marknaden og har ambisjonar om internasjonal vekst.
Vi har erfaring frå bygging av nær 90 kraftverk og over 600 andre vasskraftprosjekt. Kompetansen vår spenner over heile verdikjeda -- frå design, prosjektering og produktutvikling til produksjon, logistikk, utbygging og idriftsetjing. Dette gjer oss i stand til å tilby kostnadseffektive og gode løysingar for kundane våre.
Hywer er eit sjølvstendig heileigd dotterselskap i SaintGobainkonsernet, som har verksemd i 76 land og over 166 000 tilsette. I Noreg er vi i konsern med Optimera, Brødrene Dahl, Flisekompaniet og Ventistål. Hywer har i dag 45 tilsette og ei omsetning på 500 millionar kroner.
Hovudkontoret vårt ligg i Dale i Sunnfjord, med om lag 30 tilsette. Vi har òg kontor i Oslo, samt tilsette i andre delar av landet.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
85e806d2-afeb-4b6e-9053-1e54846ffeb3
- Sist endret
10. februar 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
449797548
Lignende annonser
Ingeniør maskinteknikk og konstruksjon
Arbeidsgiver
Hywer AS
Sted
Dale i Sunnfjord
Arbeidsgiver
Hywer AS
Sted
Dale i Sunnfjord
Arbeidsgiver
Tersan Havyard
Sted
Leirvik i Sogn