Hopp til innhold

Fengselsprest i Sandeid fengsel  og prostiprest i Ryfylke prosti

Arbeidsgiver

Stavanger bispedømmeråd

Sted

Toppadalen 3, 4200 Sauda

Om jobben

Oppstart
1. oktober 2026
Stillingstittel
Fengselsprest i Sandeid fengsel og prostiprest i Ryfylke prosti
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 16. august

Er du prest med erfaring frå krise- og sorgarbeid, kjennskap til andre religionar og kulturar og kan trivast med varierte oppgåver i flotte Ryfylke prosti? Då er kanskje denne kombinerte stillinga noko for deg.

Fengselsprest (40 %)
Sandeid fengsel ligg i Vindafjord kommune og er eit ope fengsel i Kriminalomsorgen region sørvest. Fengselet har plass til 88 innsette og har 55 tilsette. Fengselet driv aktivt utviklingsarbeid innanfor straffegjennomføring. Tenesta til fengselspresten er hovudsakleg fordelt på 2 dagar i veka (den eine på ettermiddag/kveld). Arbeidet blir regulert av reglar og rutinar som gjeld for dei som utfører arbeid i kriminalomsorga. Stillinga som fengselsprest er godt innarbeidd i arbeidet til fengselet. Open soning gjer at prest og innsette først og fremst møtest på fellesområda og i fritida til dei innsette. Det kan vera oppmøte på ca 40 % på møta eller konsertane som presten har ansvar for, i samarbeid med m.a. Frelsesarmeen og andre frivillige. Presten er også til hjelp for innsette med annan religion og livssyn, og det er oppretta kontakt med offisielle representantar for desse.

Prostiprest (60%)
Prostipresten har gudstenester både i Sauda og Suldal, og inngår hovudsakleg i gravferdsturnus med sokneprestane  i Sauda og Suldal. Sauda har omlag 50-60 gravferder på eit år. Prostipresten kan påleggast noko arbeid med konfirmantar både i Sauda og Suldal. Prostipresten deltek på prostisamlingar (om lag 10 i året) og gjer teneste etter dei planane som gjeld i prostiet. Prostipresten deltek i beredskapsordninga slik den er ordna i Stavanger bispedøme.

Ryfylke kan by på flott natur og ei kyrkje som framleis er godt forankra hos folk flest. Kommunane i Ryfylke har lagt svært godt til rette for eit aktivt friluftsliv både sommar og vinter. Både Sauda (ca. 4500 innb.) og Suldal (ca. 3800 innb.) har attraktive skisenter og nye symjehallar. Det er og eit svært aktivt musikk- og kultur miljø i regionen. I begge kommunane er det eit godt samarbeid med mellom kyrkja og kommunen. Sauda sokn har tatt initiativ til ein årleg «Barn-er-bra-festival» i samarbeid med Sauda kommune og hjørnesteinsbedrifta Eramet. Sauda har fylgjande stillingar i tillegg til prostipresten: sokneprest, kyrkjeverje, kantor, kyrkjelydspedagog og diakon. Suldal har 4 sokn: Jelsa, Erfjord, Sand og Suldal. Suldal har to sokneprestar, kyrkjeverje, kantor, kyrkjelydspedagog og diakon.


Arbeidsoppgaver

Gjera prestetenesta i samsvar med tenesteordningar for prestar  og fengselsprestar i Den norske kyrkja.

  • Gå inn i gudstenesteturnus og gravferdsturnus  med prestane i Ryfylke.
  • Gå inn i beredskapsordninga i Ryfylke prosti.
  • Anna kyrkelydsarbeid i Sauda og Suldal kan inngå i stillinga
  • Sjelesorg, samtalegrupper og miljøarbeid i fengselet.
  • Samarbeide tett med leiing og stab ved Sandeid fengsel.
  • Kontakt med organisasjonar utanfor fengselet.

Kvalifikasjoner

Cand. theol./Master i teologi med praktikum eller tilsvarande.

Personlige egenskaper

  • Kan inspirere og motivere gjennom forkynning, sjelesorg og samarbeid.
  • Har evne og vilje til samarbeid.
  • Evne til å ta initiativ og arbeida både målretta og sjølvstendig i godt samspel med stab og sokneråd.
  • Evne til å kunne kommuniserer med born, unge, vaksne og eldre i ulike livssituasjonar.
  • Kunnskap og erfaring fra krise- og sorgarbeid.
  • Kjennskap til andre religionar og kulturar.
  • Erfaring med sjelesorg.

Vi tilbyr

  • Stillingen vert løna som sokneprest etter gjeldande reglar.
  • Vanlige regulativmessige godgjeringar.
  • Skyss- og telefongodtgjersler etter gjeldande satsar.
  • Pensjonsinnskot og medlemskap i KLP etter ordninga for prestar tilsett i rettssubjektet Den norske kyrkja.
  • Det blir gitt tilbod om arbeidsrettleiing (ABV).

Andre opplysninger

  • Tilsettinga vert gjort på dei vilkåra som til kvar tid gjeld for prestar i Den norske kyrkja og den som blir tilsett må retta seg etter endringar i lover, tariffavtalar, reglement m.m., og dessutan avgjerder som kan influera på gjeremålet til tenesta, tenestestad og tenestedistrikt.
  • Målforma er nynorsk.
  • Den som vert tilsett bør ha førarkort og disponere bil.
  • Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Søknad om å få namnet unnateke frå offentleg søkjarliste nmå grunngjevast i søknaden. Behandlingsgrunnlaget etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
  • Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest (barneomsorgsattest) utan merknader.
  • Stavanger bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Kontaktinformasjon

Sigrunn Hagen Arnesen, konstituert prost, 97752534, sa552@kirken.no
Geir Skårland, 51846270, gs496@kirken.no

Arbeidssted

Toppadalen 3
4200 Sauda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Stavanger bispedømmeråd

Referansenr.: 5147317012
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2026
Søknadsfrist: 16.08.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Geir Skårland

51846270

gs496@kirken.no

Sigrunn Hagen Arnesen

konstituert prost

97752534

sa552@kirken.no

Om bedriften

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c3338300-d104-4dfc-a76e-026404f210ce

Sist endret

18. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8ad0afdaa59a41cfa5457e07bfd7edaa

Lignende annonser

Laster lignende annonser