100% vikariat som kantor/kyrkjemusikar i Sauda
Sauda kyrkjelege fellesråd
Toppadalen 3, 4200 Sauda
Om jobben
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Organist
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid og kveld, alle dager
Søk på jobben
Søk senest mandag 31. august
Vil du vera med å setja preg på musikklivet i Sauda?
Me søkjer ein engasjert og fleksibel musikar til eit vikariat i full stilling.
Sauda ligg vakkert til ved enden av ein fjord omkransa av flotte fjell, ein liten by der det skjer mykje, med rikt organisasjonsliv og mange arrangement. Me kan lokka med eit flott, særprega kulturhus i Folkets Hus, symjehall med heilårs oppvarma utebasseng, skitrekk, klatrehall, flotte tennis-, golf- og minigolfbanar, rekreasjonsområde, og ikkje minst mange fine turar både sommar og vinter.
Startdato er fleksibel, men me ønskjer nokon som kan tiltre hausten 2026, seinast 1. januar 2027, og jobba fram til 13. juni 2027. Vår fast tilsette organist kan dekka jul og påske i denne perioden, dersom søkjaren ønskjer ferie i desse periodane.
Stillinga er nokså romsleg, og det er venta at søkjaren bidrar utover dei obligatoriske kyrkjelege handlingane, etter tid, evne og behov. Dette kan vera korverksemd, konsertar, samarbeid med solistar/forsongarar, orgelundervisning, trusopplæring, administrasjon, IT, bidra til kyrkjebladet, diakonalt arbeid, etc. Me har for tida ikkje noko kyrkjekor eller barnekor, men samarbeider av og til med lokale kor, særleg Sauda Soul Children, som blir drive uavhengig av kyrkja med eigen dirigent.
Me søkjer musikarar som er komfortable i fleire sjangrar. Søkjaren bør beherska både orgel og piano til eit visst nivå, men må gjerne bruka andre instrument i tenesta. Ei god stemme kjem òg godt med.
Bygg og instrumentSauda kyrkje har to mekaniske barokkorgel frå Verschueren: hovudorgelet frå 2002 (2 manualar og pedalar, 19 stemmer) og eit lite kororgel frå 2000. I tillegg er det utstyrt med eit godt Yamaha-piano.
I Saudasjøen kapell står eit svært bra flygel frå Grotrian-Steinweg, samt eit orgel frå 1978 frå Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk (2 manualer, pedalar, svellpedal, 11 stemmer).
Gravkapellet på Solbrekk er utstyrt med eit enklare 1-manuals orgel med 5 stemmer og eit Fazer-piano.
Hellandsbygd kapell har eit 1-manuals orgel med 3 stemmer.
ArbeidstidTre arbeidshelger i månaden, fri måndagar og dei fleste laurdagar (dei fleste vigslene er på sommaren). Utover høgtider og særskilde arrangement, er det éi gudsteneste kvar søndag, gravferder kvardagar utanom måndagar, gamleheimsandaktar på torsdagar. Arbeidstida er nokså fleksibel, og det er rom for å avspasera ein del dagar.
ArbeidsoppgåverPlanlegga og gjennomføra gudstenester og kyrkjelege handlingar i samarbeid med prest og stab
Leia og utvikla konsertar og annan kulturell verksemd
Orgelundervisning
Samarbeida med øvrig musikkliv, solistar og songarar
Ansvar for instrument
Delta i stabsmøte samt noko administrativt arbeid (ikkje mykje)
Hjelpa til i øvrig arbeid, etter tid og evne
KvalifikasjonarKyrkjemusikalsk utdanning jf. tenesteordninga for kantorar i DNK
Andre søkjarar med høgare musikkutdanning vil òg bli vurdert, men blir då tilsett som organist/kyrkjemusikar
Medlem av Den norske kyrkja
Politiattest
Beherskar norsk munnleg og skriftleg
Aktuelle kandidatar blir innkalt til intervju og prøvespel
Må disponera bil eller sykkel
Personlege eigenskaparGode samarbeidsevner og fleksibilitet
Tek initiativ, kan arbeida sjølvstendig
Me tilbyrFleksibel arbeidstid
Eige kontor på Sauda kyrkjekontor
Løn og godtgjersle etter KA-tariff og pensjonsordning i KLP
Gode øvingslokale og instrument
Hjelp til å finna mellombels bustad (Sauda har låge leigeprisar og korte avstandar)
KontaktpersonKyrkjeverje Maryam Veisi (mv269@kyrkja.no, 400 356 49) har ferie fram til 24. august. For spørsmål før dette, kontakt organist Eirik Fosstveit på ef877@kyrkja.no eller 467 816 89
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sauda sokn har omlag 3 400 medlemmer, og omfattar Sauda kyrkje, Saudasjøen kapell, Solbrekk kapell og Hellandsbygd kapell.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5fc58e7a-27b2-44cc-b9c7-51299bd9f7da
- Sist endret
7. august 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
5fc58e7a-27b2-44cc-b9c7-51299bd9f7da