Hopp til innhold

Vil du ha ein jobb som betyr noko? Bli med på laget vårt på Vossestrand!

Arbeidsgiver

Voss herad Område nord

Sted

Oppheimsvegen 35, 5713 Vossestrand

Om jobben

Stillingstittel
Tilkallingsvikar
Type ansettelse
Feriejobb, deltid 20%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
4

Søk på jobben

Søk senest fredag 11. desember

Vil du ha ein meiningsfull jobb der ingen dagar er heilt like?
Tilsetjing vil vera fortløpande i perioden

Vossestrand Omsorgstun treng fleire på laget! Me ser etter engasjerte vikarar som ønskjer å jobba kveldar og helgar, og som vil bidra til å skapa gode dagar for dei som bur hos oss. Enten du er student, elev, helsefagarbeidar, sjukepleiar, vernepleiar eller berre nysgjerrig på arbeid innan helse og omsorg, vil me gjerne høyra frå deg.
Hos oss får du:
  • Verdifull erfaring og ny kunnskap
  • Eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Dyktige kollegaer som støttar og lærer bort
  • Moglegheit til å utvikla deg innan helsefag
Me er stolte av verdiane våre og ser etter deg som er profesjonell, påliteleg og skapande. Du treng ikkje kunna alt frå før, men du må vera positiv, lærevillig og ha lyst til å jobba med menneske.

 

Om arbeidsplassen
Vossestrand Omsorgstun ligg vakkert til ved Oppheimsvatnet, om lag 20 minutt frå Voss sentrum. Her møter du eit inkluderande arbeidsmiljø, fagleg engasjerte kollegaer og bebuarar som fortener den beste omsorga.

Omsorgstunet har:
  • 16 langtidsplassar i institusjon
  • 9 omsorgsbustader med heildøgnsbemanning
Arbeidsoppgåver
  • Heilskapleg pleie og omsorg for bebuarane våre
  • Bidra til tryggleik, aktivitet og livskvalitet i kvardagen
  • Samarbeid med kollegaer og pårørande
  • Turnusarbeid med kveld- og helgevakter
Klar for ein jobb som betyr noko? Søk då vel! Me gler oss til å bli kjent med deg.
Godkjent politiattest må leggjast fram før tilsetjing.
 
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Iren Stalheim

91809566

iren.o.stalheim@voss.herad.no

Om bedriften

Vossingane er stolte, av seg sjølve, av bygda, av maten og kulturen. Vil du verta ein av oss, skal me ta godt vare på deg. Her får du lov til å lukkast. Me garanterer at du finn noko å driva med, også når du har fri. Treng du andre impulsar, er vegen kort til både Bergen og fjorden. No kan du verta ein del av laget, me treng deg. Verdiane våre er: Profesjonell Påliteleg Skapande Inkluderande

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c2edccc4-3c3f-419c-b72b-62b57b909539

Sist endret

20. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3678353_213017_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser