Fastlege ved Eid legekontor
Helse, Stad kommune
Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Fastlege ved Eid legekontor
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. januar
Vi søker etter fastlege til Eid legekontor med oppstart 01.03.2026. Lege i vikariat kan også vere aktuelt.
Kommunen har to legekontor og tretten fastlegeheimlar, ti av legane jobbar ved Eid legekontor samt ei stilling for Lis1. Begge kontora er drifta av kommunen og det er ikkje knytt kostnadar til oppstart i heimelen (goodwill).
Eid legekontor har eit godt fagmiljø der fire av legane våre er spesialistar i allmennmedisin og dei andre legane har ALIS avtale inkludert ALIS-tilskot. Vi har eit kollegium av både yngre og meir erfarne legar. Listelengder ved kontoret er 700-900 pasientar.
Legekontoret er godt utstyrt med mellom anna spirometri, EKG, 24t BT og legevaktsbil. Fastlegane arbeider i gruppepraksis og er sjølvstendig næringsdrivande. Alle har forsterka 8.2-avtale der kommunen held lokale, utstyr og hjelpepersonell. Legane er gjennom avtalen sikra økonomisk kompensasjon inntil 16 dagar ved fråvær grunna eigen eller barns sjukdom og inntil ti kursdagar per år. For dette betaler legen delar av basistilskotet sitt til kommunen.
Den kommunale legevakta frå 08:00-16:00 måndag til fredag fordelast mellom dei elleve legane ved kontoret. Legevakt kveld, natt og helg er ved interkommunal legevakt lokalisert på Nordfjord sjukehus. Vaktbelastninga er om lag tre vakter per månad med vaktlengde inntil ni timar. Legane får fastløn for alle timane på interkommunal legevakt og legevakta er alltid bemanna med to sjukepleiarar. Samlokalisert med legevakta er fem kommunale ØHD-sengeplassar.
Kommunale bistillingar etter gjeldande avtalar inntil 7,5 timar per veke.
Legekontoret nyttar journalløysing frå EG - Infodoc.
Det er tilsett åtte årsverk som helsepersonell inkludert avdelingsleiar. Helsepersonell har brei erfaring og kompetanse som sjukepleiarar, bioingeniør og legesekretær.
På Nordfjordeid ligg sjukehus med indremedisinsk døgnavdeling, laboratorium, røntgen, skadepoliklinikk, samt distriktspsykiatrisk senter med døgntilbod og regional ruspost. Sjukehuset har tilbod om institusjonsteneste til ALIS-legar etter ny utdanningsmodell.
Stad kommune har dei siste åra jobba aktivt for å få ned arbeidsbelastninga og gje fastlegane ein betre arbeidskvardag. Vi ønskjer å utvikle legetenesta vidare i samarbeid med fastlegane, og vi ønskjer akkurat DEG med på laget vårt. Vi kan tilby trygge og gode rammer for ALIS på veg inn i allmennmedisinen og eit godt kollegium også for meir erfarne legar.
Arbeidsoppgåver
- Kommunen er vertskommune for interkommunal legevakt
- 11-delt kommunal legevakt frå kl. 08.00 til kl. 16.00 på kvardagar. Resten av døgnet og i helgar om lag 26-delt legevakt knytt til Nordfjord legevakt med om lag 22 000 innbyggjarar)
Kvalifikasjonar
- Du må ha norsk autorisasjon som lege og fylle krava for refusjon frå HELFO
- Gjennomført LIS-1
- Du må ha førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Gode kunnskapar i norsk - både munnleg og skriftleg
- Evne til å skape gode relasjonar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
- Evne til å arbeide strukturert og på systemnivå
- God fagleg vurderingsevne
Vi tilbyr
- Godt opparbeidd allmennmedisinsk praksis i eit godt kollegialt fellesskap
- God allmennmedisinsk rettleiing
- Gode økonomiske vilkår
- Flyttegodtgjersle
Attestar og vitnemål må leggjast ved søknaden. Vi ber om relevante referansar av nyare dato.
Politiattest skal leverast før start i stillinga.
Stad kommune har seks månadar prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ta gjerne kontakt for ein prat om stillinga!
Kontaktinformasjon
Linda Gotteberg, Einingsleiar helse, 41694203, linda.gotteberg@stad.kommune.noThomas Vingen Vedels, Kommuneoverlege, 474 86 417, thomas.vingen.vedeld@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Rådhusvegen 116770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5046611659
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c199986e-85bd-42b4-8532-14bcaf826f88
- Sist endret
4. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c35c7b8af46642b0813897b5cf147738
Lignende annonser
Fastlege på Vestlandet
Arbeidsgiver
Dignus Medical
Sted
Vestland
Ledig stilling som sjukepleiar i Selje og på Stadlandet
Arbeidsgiver
Heimetenesta, Selje og Stadlandet
Sted
Nordfjordeid
Cand.med./medisinstudent med lisens
Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost Nordfjord, Helse Førde
Sted
Nordfjordeid