Vitskapleg assistent ( 30%) ved institutt for samanliknande politikk
Universitetet i Bergen
postboks 7802, 5020 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Vitskapleg assistent ( 30%) ved institutt for samanliknande politikk
- Type ansettelse
- Åremål, deltid 30%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 1. september
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVitskapleg assistent
Ved Institutt for samanliknande politikk, Universitetet i Bergen, er det ledig ei 30% stilling som vitskapleg assistent for ein periode på 1 år. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år.
Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode.
Stillinga er knytt til prosjekta «Representing the Future in an Aging Europe» og «Addressing Structural Barriers to Gender Equality in the Social Sciences».
Arbeidsoppgåver:
Støtte til prosjektteamet i
- organisatoriske og administrative oppgåver (f.eks. organisering av workshops og andre arrangement)
- datainnsamling
- datahandtering (undersøking av databasar, koding av data)
- andre oppgåver knytt til dei to prosjekta
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar- Bachelorgrad i samanliknande politikk eller tilsvarande
- God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg
- God administrativ IT-kompetanse
- Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Årsløn som vitskapleg assistent, stillingskode 1019, kr. 470 200, - ( i 100 % stilling) ved tilsetjing. Kandidatar med mastergrad, kode 1020, vil bli løna med årsløn kr. 519 400, - (i 100 % stilling).
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknad:
Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk i JobbNorge. (via link på denne sida ”søk på jobben”.)
Søknadsfrist: 01.09.2026.
Aktuelle søkarar vil bli invitert til intervju.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til forskar Jana Belschner, jana.belschner@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c11cc45b-46f8-453f-88a0-34581030dcee
- Sist endret
14. august 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10305753