Hopp til innhold

Autorisert fysioterapeut

Arbeidsgiver

Helsetenesta i Bykle og Valle, Bykle

Sted

Kjellebergsvegen 3, 4747 Valle, Sarvsvegen 31, 4754 Bykle

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Autorisert fysioterapeut
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Vi søkjer fysioterapeut vikar til variert stilling! Her får du bred erfaring innen fysioterapifaget. 


Helsetenesta i Bykle og Valle er eit vertskommunesamarbeid, der Bykle kommune er vertskommune. Helsetenesta har ansvar for tenesteområda fastlege, legevakt, fysioterapi, ergoterapi, jordmorteneste, helsestasjon, skulehelseteneste samt psykisk helse og familierettleiing.

Vi har tre 3 fysioterapeut årsverk, to i Valle og ein i Bykle kommune, og 1 ergoterapeut årsverk i tenesta.
Arbeidet i Bykle og Valle er variert og spanende. Kommunane har til saman noko over 2200 innbyggjarar, men som kjende turistkommunar har dei eit vesentleg høgare folketal i høgsesong.

Vi har ledig: 100 % vikariat som fysioterapeut, med hovudarbeidsstad i Valle kommune.
Er du fysioterapeut og har lyst til å bli ein del av vårt fagmiljø? Då oppmodar vi deg til å søkje!


Arbeidsoppgaver

  • Kunnskapsbasert fysioterapi i tråd med planar og prioriteringar i den kommunale helsetenesta
  • Aktiv og heilskapleg tilnærming til pasientar og brukarar
  • Kunnskapsbasert fysioterapi i tråd med planar og prioriteringar i den kommunale helsetenesta
  • Individuell oppfølging av pasientar
    • Kartlegging, vurdering og oppfølging av fysisk funksjon
    • Rettleiing til eigenmeistring og fysisk aktivitet for å fremje livskvalitet
  • Tverrfagleg samarbeid
    • Deltaking i ansvarsgrupper
    • Tverrfagleg rehabilitering på sjukeheimen
    • Samhandling med andre kommunale tenester
  • Gruppetilbod, t.d. fallforebygging, gravid/barseltrening, gruppetrening til heimeboande eldre og på institusjon
  • Førebyggjande arbeid, t.d. på helsestasjon, i barnehage, skule og for eldre
  • Utvikling av fysioterapitenesten i lag med resten av avdelinga
  • Delta i arbeid, prosjekt og initiativ som fremjar folkehelse.

Kvalifikasjoner

  • Autorisert fysioterapeut
  • Erfaring frå rehabilitering og gruppetrening er ein fordel
  • Klinisk kompetanse og erfaring med undersøking, vurdering og behandling innan fysioterapi
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid på ulike nivå
  • Erfaring med bruk av IT som arbeidsverktøy
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B
  • Personleg eignaheit vektleggjast

Personlige egenskaper

  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig og trygg i rolla som fysioterapeut
  • Fagleg engasjement, og evne til å bidra i fagleg utvikling
  • Positiv innstilling og kan trivast med utfordringar
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Målretta og strukturert

Vi tilbyr

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå i helsetenesta
  • Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Trine Lise T Enersen, Kommunalsjef, +47 90735435

Arbeidssted

Kjellebergsvegen 3
4747 Valle

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bykle

Referansenr.: 5099230308
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 12.04.2026

Om bedriften

Bykle kommune som arbeidsgjevar:

  • Vi er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområdar og syv tenesteeiningar 
  • Vi er ca. 190 tilsette
  • Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
  • Vi er ei IA-bedrift

Om Bykle:

  • Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
  • Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
  • Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
  • Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
  • Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter 
  • Det er løpande SFO- og barnehageopptak 

Avstandar:

  • Bykle - Kristiansand er 18 mil
  • Bykle - Oslo er 29 mil
  • Bykle - Stavanger er 33 mil
  • Bykle - Bergen er 35 mil

 

Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter.
Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. 
Bykle kommune er opptatt av mangfald og vi oppmodar difor alle som er kvalifisera til å søkje hos oss.

Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnteke offentlegheit, du må grunngje dette skriftleg jf. offentleglova §25. Dersom kommunen ikkje imøtekomer, vil du bli varsla før offentleggjering.

Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljarar. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c0ae9eef-71b6-4e17-b47e-f9b357c3156f

Sist endret

13. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

99ef2f0a887f4d8086847e6107c78716

Lignende annonser

Laster lignende annonser