Helgestilling og tilkallingsvikar i heimetenesta
Hareid kommune, Eining for heimetenester
Teigevegen 55, 6060 Hareid
Om jobben
- Stillingstittel
- Helgestilling og tilkallingsvikar i heimetenesta
- Type ansettelse
- Fast, deltid 20%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 19. desember
Er du sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, student innan relevant fag og ufaglært som har eit ønske om å arbeida med dette faget? Kan du tenke deg å vere tilkallingsvikar og jobbe kvar tredje helg i heimetenesta?
Vi ønsker deg med gode norskkunnskapar, som er trygg i rolla og har lyst til å gjere ein forskjell. Vi vil ha deg som kan ivareta brukarane våre på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet. Du må ha gode samarbeidsevner, god arbeidskapasitet, vere nytenkjande og løysingsorientert. Helsehjelp i heimen er ei døgnkontinuerleg teneste som vi gir til personar som bur heime og har behov for nødvendig helsehjelp.
Arbeidsoppgåver
- stelle/pleie etter oppsette arbeidsplanar, eller etter delegering frå ansvarshavande på vakt
- gi forsvarleg omsorg/pleie til brukare med nedsett funksjonsnivå, i tillegg til praktisk bistand i samsvar med vedtatt vedtakstimer
- lage til måltid og syte for god ernæring
- administrere medikament etter kompetanse
- sørge for at naudsynte prosedyrar/rutinar blir gjennomførte
- jobbe i tråd med kommunens reglement og etiske retningslinjer
- dokumentere i vårt dokumentasjonssystem Gerica
Kvalifikasjonar
Du er
- sjukepleiar/vernepleiar
- helsefagarbeidar
- miljøterapeut, barnevernspedagog/sosionom
- pleiemedarbeidar med erfaring innan pleie/omsorg
- student i relevante helsefag
- du har gode datakunnskapar, og meistrar norsk både skriftleg og munnleg.
Godkjend politiattest av ny dato må leverast før du kan starte i arbeid. Det er krav om at du har førarkort klasse B for arbeid i heimetenesta. Politiattest skal leggast fram før du tek til i jobben. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar
Vi legg vekt på at du er positiv, arbeidsglad, sjølvstendig og ansvarsbevisst. Du samarbeider godt, og skaper gode relasjonar til menneska kring deg. Du må kunne arbeide sjølvstendig med vekt på gode tenester til pasientane, og samarbeide godt med kollegaer og med andre einingar.Vi tilbyr
Arbeid kvar tredje helg og tilkallingsvikar ved behov. Vi tilbyr eit godt fagmiljø, pasientkontakt og gode kollegaer.
Du må søkje på stillinga digitalt, og laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.
Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår.
Avtale som tilkallingsvikar inneber at Hareid kommune tek kontakt med deg ved behov for midlertidig tilsetjing, jamfør arbeidsmiljølova paragraf 14-19.
Tilkalling skjer etter behov når vi har fråvær på grunn av sjukdom, ferie eller andre mellombelse forhold som fører til behov for arbeidskraft.
Som tilkallingsvikar har du ikkje rett til å bli tilboden arbeid/vakter, og har heller ikkje plikt til å ta på deg arbeid som vi har gitt tilbod om. Dei enkelte vaktene og arbeidstid per vakt vert avtalt mellom tilkallingsvikar og einingsleiar. Timelistene/vaktboka skal ligge ved rammeavtalen vi inngår som dokumentasjon på ein godkjend arbeidsavtale.
Hareid kommune har arbeidsgjevaransvar for deg frå du kjem på jobb og til arbeidsdagen er ferdig. I arbeidstida er du omfatta av pensjons- og forsikringsordningane til kommunen.
Intern søkjar
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jamfør arbeidsmiljølova paragraf 14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar, jamfør offentleglova paragraf 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.
Kontaktinformasjon
Sutharsiny Satheeskumar, Einingsleiar, +47 46801312Arbeidsstad
Teigevegen 556060 Hareid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 5050401317
Stillingsprosent: 20%
Vikar
Søknadsfrist: 19.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Sutharsiny Satheeskumar
Einingsleiar
+47 46801312
Om bedriften
GODE TENESTER - GLADE TILSETTE
Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette.
Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår.
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.
Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Jobbe hjå oss - Hareid kommune
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bff213c5-5674-4f4a-b406-0c8592aa455b
- Sist endret
5. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cfbfe3f7325c4ffc80f0a5b1179719bb
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Åse helsehus, Ålesund kommune
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Sykkylven kommune
Sted
Sykkylven
Fast stilling som sjukepleiar f.t. natt
Arbeidsgiver
Hareid kommune - Heimetenesta
Sted
Hareid