Sjukepleiar 100% på natt i heimeteneste - med ekstra nattillegg
Hareid kommune, Eining for heimetenester
Teigevegen 55, 6060 Hareid
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar 100% på natt i heimeteneste - med ekstra nattillegg
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Natt
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 25. mai
På dagtid er de mange. På natta er de seks – og du er ein av to sjukepleiarar på vakt for heile kommunen. Det betyr meir sjølvstende, større fagleg ansvar og ei rolle der vurderingsevna di verkeleg tel.
Nattevaktene i Hareid skil seg frå dagvaktene. Oppdraga er færre og meir uforutsigbare, og mykje av arbeidet handlar om beredskap. Saman med natt teamet på sjukeheimen, har du ansvar pasientar som mottar helsehjelp i heimane og omsorgsbustad, i tillegg kan det vere behov for samarbeid på sjukeheimen – og du veit aldri heilt kva natta bringer. Det kan vere smertelindring, palliativ omsorg, akutte vurderingar eller ein uroleg brukar som berre treng nokon som kjenner dei. Kvar natt er ulik.
Det du kan vere trygg på, er at du ikkje står åleine. Teamet på natt er lite, men erfarent og stabilt – med djup kunnskap om kommunen og pasientane.
Som ny får du tett støtte frå kollegaer som kjenner vaktene – anten det er ein roleg sommarnatt eller ei krevjande vinternatt – og som ønskjer at du skal meistre rolla di.
Til gjengjeld tilbyr vi fast stilling og lønsvilkår som speglar det ansvaret du faktisk har: 30 000 kr i årleg funksjonstillegg og eige rekrutteringstillegg – i tillegg til tariffløn.
Arbeidsoppgåver
Heimetenestene i Hareid gir helsehjelp, omsorg og støtte til heimebuande og til personar i omsorgsbustadar gjennom heile døgnet. Som nattsjukepleiar er du ein nøkkelressurs i dei ti timane vakta varer.
Du har ansvar for å
- gjere sjukepleiefaglege vurderingar og tiltak på natt
- respondere på tryggleiksalarmar og akutte behov
- gi helsehjelp i tråd med gjeldande lovverk, prosedyrar og faglege retningslinjer
- følgje opp pasientar med samansette og skiftande behov
- dokumentere og god informasjonsflyt til neste vakt
- rettleie kollegaer og bidra til fagutvikling
- samarbeide tverrfagleg både med interne og med eksterne aktørar
Kvalifikasjonar
Du må ha
- autorisasjon som sjukepleiar
- tryggleik i sjølvstendig arbeid og kliniske vurderingar
- evne til å skape tillit og gode relasjonar
- gode kliniske vurderingsevner og tek trygge avgjerder
- gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- førarkort klasse B
- evne og vilje til å arbeide turnus (natt, kvar 3. helg)
- politiattest av ny dato msom å leggjast fram før tilsetting
Personlege eigenskapar
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Vi ser etter deg som er trygg, roleg og omsorgsfull – ansvarsbevisst, strukturert og løysingsorientert i krevjande situasjonar. Du er god til å prioritere og ta avgjerder, arbeider personsentrert og møter pasientar og kollegaer med respekt og fagleg tryggleik. Og du er ein lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø og ønsker å utvikle dei kommunale tenestene – også midt på natta.
Vi tilbyr
Hos oss får du meir enn berre ei stilling. Vi tilbyr
- 85–100 % fast stilling med snarleg oppstart
- 30 000 kr i årleg funksjonstillegg, stillingsjustert for nattarbeid
- eige rekrutteringstillegg
- lønn etter gjeldande tariffavtale
- reelt fagleg ansvar og handlingsrom
- erfarent og stabilt fagmiljø med god støtte til nye
- systematisk opplæring og kurs gjennom Glup og Visma-rettleiar
- gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- moglegheit til å påverke og utvikle ei viktig kommunal teneste
Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.
Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø i lag med gode kollegaar!
Intern søkjar
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.
Kontaktinformasjon
Sutharsiny Satheeskumar, Einingsleiar, +47 46801312Arbeidsstad
Teigevegen 556060 Hareid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 5115341213
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Sutharsiny Satheeskumar
Einingsleiar
+47 46801312
Om bedriften
GODE TENESTER - GLADE TILSETTE
Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette.
Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår.
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.
Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Jobbe hjå oss - Hareid kommune
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
785fcfcb-9558-47a2-aa53-5c7de9f10b2e
- Sist endret
30. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5e8d977fee294162a62994e685e44757