Bli vår nye salgsleiar for møte og opplevingar!
Norway`s best
5713 Vossestrand, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Salgsleder
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. november
Salgsleiar møter og opplevingar
Vi ser etter ein engasjert og kommersielt sterk salgsleiar møter og opplevingar som vil vere med på å utvikle og selje heilskaplege opplevingar til bedriftsmarknaden.
Det er mogleg å ha kontorplass fleire stader – på Voss, i Bergen, i Myrkdalen eller i Flåm.
Rolla kombinerer operativt salgsarbeid med leiar- og fagansvar for utvikling og resultat innan møte- og opplevingssegmentet i konsernet.
Som salgsleiar får du jobbe tett med våre hotell, aktivitetsleverandørar og kommersielle team for å skape minneverdige kundeopplevingar – frå planlegging av møte og konferansar til aktivitetar, transport og servering.
Dette er ei rolle for deg som trivst i kryssingspunktet mellom sal, produktutvikling og relasjonsbygging, og som blir motivert av å skape resultat gjennom samarbeid på tvers av destinasjonar og fagområde.
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde- Leie og vidareutvikle sal og utvikling av møte- og opplevingssegmentet
- Følgje opp salgsprosessar frå første kontakt til signert kontrakt
- Skreddarsy tilbod og pakkar som kombinerer transport, aktivitet, overnatting og servering
- Budsjettering, rapportering og måloppfølging i samarbeid med leiing og revenue-funksjon
- Samarbeide tett med hotellleiing, booking, aktivitet og marknadsavdeling for å sikre heilskaplege kundeopplevingar
- Delta på relevante messer, arrangement og nettverk for å representere selskapet og byggje relasjonar
- Bidra til utvikling av gode rutinar, system og verktøy for sal og oppfølging
- Personalansvar for ein Key Account Manager
- Dokumenterte salgsresultat innan B2B, konferanse eller reiseliv
- Forståing for hotellmarknaden og reiselivstrendar nasjonalt og internasjonalt
- Erfaring med utvikling og sal av konsept eller pakkar
- Gode kommunikasjons- og forhandlingsferdigheiter
- Erfaring med CRM-system (SuperOffice er ein fordel)
- Gode kunnskapar i norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
Hva vi kan tilby
Ei spennande stilling i eit ambisiøst og dynamisk selskap som engasjerar seg for mennesker og samfunn. Hos oss blir du del av eit stolt kollegium i ei av Noregs leiande reiselivsbedrifter med gode muligheiter for både fagleg og personleg vekst. I Norway’s Best er mangfald og inkludering viktige delar av kulturen. Hos oss kan du være deg sjøl, stille spørsmål og bli sett og respektert for den du er.
Nokre av våre goder:- Konkurransedyktige vilkår
- Pensjons- og forsikringsordningar gjennom Nordea Liv og Gjensidige
- Gode rabattar og tilbud på Norway’s Best sine produkt og aktivitetar
Oppstart: Etter avtale
Arbeidstad: Voss/Bergen/Flåm/Myrkdalen
Gjennom å tilby spektakulære naturbaserte opplevingar har Norway’s best AS posisjonert Flåm og Myrkdalen i over 20 år. Med fyrtårn som Flåmsbana og Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei største turistreisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen finns den mest omfattande skidestinasjonen på Vestlandet. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Lofoten og Oslo. Norway’s best AS er eigd av Norway's best Group AS som har ein omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Norway's best Group AS eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 100% av The Fjords og 50% av Flåmsbana. I tillegg eig og driftar selskapet fire hotell, 14 restaurantar og bakerikonsept. Me driv suvenirbutikk og Flåmsbanamuseet. I Norway’s best AS verdset me naturen, miljøet og dei lokalsamfunna me opererer i. Ved å gjera vårt ytterste for å redusere vår miljøpåvirkning og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer me å vera ein positiv bidragsytar til eit betre samfunn både lokalt og globalt og bidra til å ta reiselivsnæringa i ein meir berekraftig retning. Våre ansatte er kjernen i verksemda og me ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bfadc714-c83f-46bd-bac5-f24bcd804232
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1a80fcd479f748a5b289be1fb23dc9c2