Fagansvarlig KHMS - med blikk for struktur, samanheng og forbetring
Norway`s best
5704 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagansvarlig KHMS
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Vil du vere med og skape struktur og retning i eit konsern med stor breidde i aktivitetar og menneske? Som fagansvarleg for KHMS blir du arkitekten bak korleis Norway’s Best arbeider med kvalitet, helse, miljø og tryggleik – frå strategi til praksis.
Du får høve til å forme felles praksis, etablere system og bygge ein sterk tryggleiks- og kvalitetskultur i eit fremtidsretta konsern. Her får du tillit, handlingsrom og eit lag som vil lykkast saman med deg.
Om oss
Norway’s Best er eit konsern i vekst med verksemd innan reiseliv og eigedomsutvikling. Vi har ambisjonar om å vere leiande innan berekraft, kvalitet og tryggleik – både for medarbeidarar og gjester.
No samlar vi konsernet sitt arbeid med KHMS, og søkjer ein fagleg sterk og sjølvstendig fagansvarleg som vil bygge fundamentet for vidare vekst.
Om rolla
Du får ansvar for å utvikle og forvalte eit heilskapleg leiings- og styringssystem for KHMS. Arbeidet spenner frå kartlegging og strukturbygging til implementering, revisjonar og kontinuerleg forbetring.
Dine hovudoppgåver:-
Kartleggje behov og setje felles retning for KHMS-arbeidet
-
Etablere, implementere og vidareutvikle styringssystemet
-
Planleggje og gjennomføre revisjonar og forbetringstiltak
-
Vere rådgivar og støtte for leiarar i KHMS-arbeidet
-
Sikre oppdatert beredskapsplanverk og delta i kriseleiing
Kven er du?
Du er strukturert, analytisk og har evne til å skape orden i kompleksitet. Du kommuniserer tydeleg, skaper tillit og trivst med å gjere andre ansvarlege.
Kvalifikasjonar:-
Bachelorgrad innan kvalitetsleiing, HMS, revisjon eller tilsvarande
-
Alternativt høgare yrkesfagleg utdanning (t.d. KHMS-ingeniør, risiko og beredskap)
Vi tilbyr
Ei spennande stilling i eit ambisiøst konsern med stort fagleg mangfald. Du blir del av eit stolt fellesskap med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
Nokre av våre gode:-
Konkurransedyktige vilkår
-
Pensjons- og forsikringsordningar gjennom Nordea Liv og Gjensidige
-
Gode rabattar på Norway’s Best sine produkt og opplevingar
Stad: Flåm / Voss / Bergen
Stilling: Fast, 100 %
Avdeling: HR
Norway’s best Group AS (NBG) er eit leiande norsk reiselivskonsern, med nokre av Norges mest spektakulære natur- og kulturbaserte reiseopplevingar i sin portefølje. Vår hovudaktivitet foregår i Flåm og Myrkdalen. Med fyrtårnprodukta Flåmsbana og UNESCO-området Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei mest populære reisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen har vi den største skidestinasjonen på Vestlandet. I tillegg har selskapet aktivitet i Aurland, Lærdal, Geiranger og Oslo. NBG har ein omsetnad på vel 850 MNOK, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Konsernet eig Myrkdalen Fjellandsby, The Fjords og 50% av Flåmsbana. Gjennom dotterselskapet Norway’s best AS eig og driftar konsernet fire hotell, 14 restaurantar, to bakeri, i tillegg til Flåmsbanamuseet og Aurland Skofabrikk. Selskapet har også ein stor kommersiell avdeling som marknadsfører og seljer våre og andre aktørar sine produkt til gjester over heile verda. I Norway’s best Group AS verdset vi naturen, miljøet og dei lokalsamfunna vi opererer i. Ved å gjere vårt ytterste for å redusere vår miljøpåverknad og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer vi å bidra til ei framtidsretta og berekraftig reiselivsnæring. Våre ansatte er kjernen i verksemda og vi ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7ae6c2ed-2caa-490d-9f3a-5accd254e3b1
- Sist endret
30. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ed294434e4b04e91a8eecd3f6447a6b3
Lignende annonser
Fagansvarlig KHMS
Arbeidsgiver
Norway's best AS
Sted
Voss
Operations Manager
Arbeidsgiver
Outdoor Norway As
Sted
Voss
Skogbruksleder, Voss og Hardanger
Arbeidsgiver
Fjordtømmer as
Sted
Voss