Sesongmedarbeider Voss Hang- og Paragliderklubb
Voss Hang Og Paraglider Klubb
Flyplassvegen 135, 5705 Voss, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Driftsansvarlig (idrettsanlegg)
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk, skandinavisk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 10. juni
Send søknad til
Vil du skape aktivitet og flyt i luftsport på Voss?
Me søker ein engasjert og allsidig person til ei sesongstilling gjennom sommaren. Du vil jobbe tett med dagleg leiar og vere ein viktig støttespelar for å sikre at klubben driv trygg og smidig aktivitet i ein travel sesong.
Om stillingaDette er ei variert og praktisk rolle der du får bidra både administrativt og operativt. Du må trivast med å ha mange ballar i lufta, vere løysingsorientert og stille med godt humør -- sjølv når det går unna. Arbeidstida vil vere fleksibel og ukurant. Det er ofte på ettermiddagar og helger når det er flyforhold. Stillinga varer fram til slutten av august.
Arbeidsoppgåver-
Tandemkoordinering: booking, betaling, dialog med pilotar og passasjerar samt organisering av transport til start
-
Klubbil: dagleg tilsyn, enkelt vedlikehald og reinhald
-
Aktivitetsstøtte: bidra som startmarshall og organisere køyring på flybare dagar
-
Støtte under Ekstremsportveko: praktisk assistanse til dagleg leiar
-
Anlegg: vedlikehald av start- og landingsområde, samt oppdatering og oppslag av instruksar
- Anna førefallande arbeid
Vi ser etter deg som:
-
Er ein positiv lagspelar som bidreg til eit trygt og aktivt klubbmiljø
-
Har hovud for organisering -- er strukturert, fleksibel og har god gjennomføringsevne.
-
Tek ansvar og arbeider sjølvstendig
-
Har erfaring med, eller stor interesse for paragliding og/eller friluftsliv
-
Har førarkort klasse B
-
Ein sosial og meiningsfull sommarjobb i eit engasjert team
-
Ein variert og aktiv arbeidskvardag tett på luftsportsmiljøet på Voss
-
Moglegheit til å lære om, og ansvar for delar av klubbarbeid, drift og tandemorganisering
-
Nokre arbeidsoppgåver kan tilpassast kompetanse og ferdigheiter
-
Ukurante arbeidstider med stor variasjon i arbeidsdagane
- Løn og oppstart etter avtale
Varigheit: Snarast og ut august 2025
Arbeidsstad: Voss
Søknadsfrist: 10. juni 2025
Kontaktperson: Dagleg leiar Malene Hetle Hole -- 📞 +47 905 08 620
Send søknad til: ✉️ stillingar@vosshpk.no
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Voss Hang- og Paragliderklubb (Voss HPK) er Noregs største klubb for friluftsbasert luftsport, og eit sentralt samlingspunkt for paraglidar- og speedglidarpilotar frå heile landet. Med base i hjartet av ekstremsportbygda Voss, tilbyr me eit unikt miljø prega av eventyrlyst, fellesskap og høg kompetanse -- alltid med sikkerheit i fokus. Gjennom heile året arrangera me kurs, konkurransar og aktivitetar, og sommaren er vår høgsesong.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
bf6aa6f3-da66-422d-be80-04a5947f2a76