Hopp til innhold

Helsefagarbeider

Arbeidsgiver

Psykosebehandling SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeider
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Ved vår nye sengepost for psykosebehandling SNR har vi ledig stilling til ein engasjert og faglig dyktig helsefagarbeider.

Vi søkjer etter deg som er positiv og omsorgsfull i møte med pasientar, som tar i eit tak og bidrar aktivt i daglig drift av sengeposten, og som ønsker å vere ein pådrivar for eit godt arbeidsmiljø for alle tilsette.

Den nyoppretta sengeposten skal tilby spesialisert behandling til pasientar med psykoseproblematikk. Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling. Seksjon for psykose SNR ligg i det nye psykiatri- og habiliteringsbygget på Hjelset, og er ein lukka sengepost med 11 sengeplassar. I sengeposten har vi ei breidt samansatt personalgruppe, som driv både med utgreiing av psykoseproblematikk og ulik behandling (medikamenter, samtaleterapi, fysisk aktivitet/trening, turgrupper og miljøterapeutisk tilnærming). 


Arbeidsoppgåver

  • Følge opp innlagde pasientar  
  • Deltaking i miljøterapeutiske aktivitetar  
  • Gjennomføre praktiske daglege oppgåver i sengeposten 
  • Delta i samtalar med behandlarar 
  • Dokumentere i journal  

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar 
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg 
  • Fullstendig førarkort klasse B med manuell gir 

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør 
  • Du er serviceinnstilt til pasientar, pårørande og kollega 
  • Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre  
  • Fagleg interessert og lærevillig 
  • Å vere personleg egna vert vektlagd ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.

Kontaktinformasjon

Ingunn Romundstad Innerdal, Konst. seksjonsleiar, Ingunn.Romundstad.Innerdal@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5063069909
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.02.2026

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bf669ea5-9d05-40f5-be0e-cc3ea7f2e194

Sist endret

5. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

fab1331f020c4386955e8fb5ef9a5d72

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Sengepost Medisin 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Hjelset

Arbeidsgiver

Psykosebehandling SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Hjelset

Psykiater

Arbeidsgiver

Akutt psykisk helsevern SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Hjelset